English

Glomset-Nerstølen-Fjordamannsvegen-Glomset (Rundtur)

Ålesund

Kort om turen

Lett tilgjengeleg turalternativ. Skogsvegane er godt egna for barnevogn og sykkel. Kun på føtene på stien i terrenget. Stien går delvis inn i Ørnakken naturreservat.

Ruteskildring

Du startar frå fv.656 ved den gamle skulen på Glomset og følger Nerstølsvegen i ei lengde på ca. 2 km. Dette er ein fin skogsbilveg som blir brøyta om vinteren. Godt eigna for sykkel og barnevogn.(Vegen fortset brattare oppover forbi Øvrestølen og heilt fram til Vallesetra. Traktorveg siste delen) Like etter at du passerer brua på Nerstølen kjem du til eit skilt som viser Ørnakkdalen 0,6 km. Her startar stien ved informasjonstavle over Ørnakken naturreservat. Stien følger først eit traktorspor i nordleg retning eit par hundre meter. Kan være noko fuktig. Stien dreiar så noko austover og passerer den vesle elva som kjem frå Ørnakktjønna. No kjem du til eit stidele, og skilt viser så retninga til Fjordamannsvegen, i austleg retning. Etter 0,6 km kjem du fram til Fjordamannsvegen ved Fugledalselva (nokre fuktige parti). Du følger så skogsbilvegen i ei lengde på ca 1,5 km. Kjem da inn på vegen til Øvre Glomset, og følger denne 100 m sør til Fv.656. For retur til utgangspunktet følger du denne over brua, og kan ta av på grusvegen på høgre side rett over brua. Bratt bakke forbi nokre hus på høgre side. Så slakkare rett fram på gammel bygdeveg 200 m til startpunktet.

Tilkomst og parkering

Turstiene på Glomset statrar frå fV 656 ved den gamle skulen på Glomset. Ca 4 km fra Valle og ca 8 km fra Magerholm. Du kan parkere ved skolen.
Fottur
Blå
Lengde
5 km rundtur
Stigning
136 m
Tidsbruk
1 t. 40 min.
Høyeste punkt
87 moh
Mobildekning
Ukjent

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
Grus 3
Sti 2

Anna

Ta hensyn til regler som gjeldfor Ørnakken natutreservat
Køyreskildring
Print ut