Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Gjersnakken rundt

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Total lengde rundtur (km)

3,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Framover Landedalen med Giskemonibba til høgre
Rett etter ein gammal vårfjøs skal du svinge skarpt til venstre.
Mykje av turen går i skog, men på slutten får du flott utsikt frå Bårdsgjerde mot Sjøholt.
Frå Lande ser du den granskogkledde Gjersnakken

Gjersnakken rundt

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Dette er ein tur over jorder, langs skogsvegar og på sti. Så lenge du går bak Gjersnakken er du heilt utanfor trafikkstøyen og det er idyllisk og roleg. Nyt stillheita og kjenn på luktene i skogen. Fint å plukke bær. Du kan ta ein avstikkar opp på Gjersnakken for å få betre utsikt.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved Valgermoskiftet. Følg vegen opp og rett forbi boligfeltet i Pina. Ta av til høgre på traktorvegen. Gå over markane langs same ruta som Den gamle postvegen. Gå gjennom grinda og held fram på vegen forbi eit gamalt fjøs på venstre side. No har du fin utsikt mot Giskemonibba i nordaust. Her tek du av til venstre og skogsvegen går oppover mot Gjersnakken. Du går heile turen gjennom lauvskog, furu og granskog. Held til høgre når vegen nærmare seg toppen av bakken. No flatar vegen ut, det blir opnare og etter kvart går vegen flatt ved sidan av ei myr. No har du Verahornet på høgre side. Stien blir smalare og det er tildels tett skog med ein del nedfallstre, men det enkelt å kome forbi og råsa er tydeleg. Ein stad kan det sjå ut som stien deler seg, men velg råsa som begynner å gå nedover. Dette området mellom Verahornet og Gjersnakken kalles Breiskaret. Du går gjennom ganske tett skog før landskapet snart opnar seg og du får god utsikt over markane og boligområdet på Bårdsgjerdet. Frå Bårdsgjerdet har du også flott utsikt til Sykkylvsfjella og utover Storfjorden. Gå asfaltvegen frå Bårdsgjerdet tilbake til utgangspunket.

Kulturminne

I starten av turen går vi langs den same ruta som Den gamle postvegen over Ørskogfjellet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Start ved Valgermokrysset.

Kvar kan du parkere?

Parkering rett ved krysset på Valgermo, ca 50 meter i retning boligfeltet i Pina.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,7
Traktorveg 1,7
God sti 0,3
Total lengde rundtur (km) 3,7
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 300 8
Bratteste helning ned 300 7
Total stigning 140 Høydemeter

Offentlig transport

Ja, kvar time i retning både frå Molde og Ålesund med Timeekspressen. Haldeplass ved Valgermokrysset.

Mobildekning

Ja

Kart

Ørskogfjellet