English

Gjersetdalen frå Gjerset

Haram

Kort om turen

Turen er veldig fin for vaksne og barn, med lett framkomst. Sjølv om stigninga er ganske bratt i starten er vegen svært godt opparbeidd, og dei aller fleste klarer å gå opp. Turen går til Gjersetdalen Villmarksområde, som er eit flott opparbeidd område, med mellom anna Gildehall, Røde Kors-hytte, vannaktivitetar og aktivitetspark. Ved arrangement er delane av aktivitetsparken som krev sikring utstyrt med vakt. Det er mogleg å leige hytte og gildehall til private arrangement. Elles finn ein bålplass og toalettfasilitetar. Svært barnevennleg område. Det er fine stadar å stoppe langs heile vegen, kor ein kan ta ein pust i bakken. Ikkje så mange benkar, men det går an å sitje på steinar. Vegen er framkomeleg med bil, men det er ikkje lov å køyre på vegen utan tillating frå grunneigar. Turmålet er Gjersetdalen Villmarksområde.

Ruteskildring

Turen går langs gruslagt veg. Ingen vanskelige parti

Tilkomst og parkering

Turen går frå Gjerset, på Grytestranda. Det kan vere litt få parkeringsmoglegheiter. Alternativt kan ein gå frå Synnalandsvatnet i Brattvåg, kor det er parkeringsplass ved demninga, Sjå kart for vegbeskriving til Gjerset. Parkering på Gjerset, noko begrensa kapasitet. Alternativt kan ein gå frå Synnalandsvatnet,

Fottur
Blå
Lengde
3,78 km en vei
Stigning
196 m
Tidsbruk
2 t. 25 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
201 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Beskrivelse av sjøforhold

Nei

Anna

Ruta er ikkje spesielt tilrettelagt for menneske med nedsett funksjonsevne, men vegen held høg kvalitet og er gruslagt. Aktivitetar i Gjersetdalen Villmarksområde er tilrettelagt for rullestolbrukarar, mellom anna med båt og rampe tilpassa rullestol.

Kart

Sunnmøre/Haram
Køyreskildring
Print ut