
Kommune
Type tur
Gradering
Gradering for rullestolbrukarar
Ikkje tilgjengeleg
Lengde tur/retur (km)
11,6
Skriv ut KjørebeskrivelseKvifor gå denne turen?
Giskemonibba 687 m.o.h.
Lett, fin tur i ope terreng med tydeleg rås. Bjørkeskog i starten. Jamn stigning, nokre bratte parti mot slutten.
Snøfritt i slutten av mai. På kanten over skoggrensa kryssar ein over til nordsida av grova att. Her er det ein liten badekulp som kan freiste. Terrenget er for det meste tørt og du går på eit par små bergnibber den siste biten før toppen.
Det er oppmura varde på toppen der ein finn turposten. Bratte sider mot nord og vest.
Fin utsikt i fleire retningar: Sjøholtområdet, Storfjorden og vestover heilt til kysten ved Ålesund.
Kvar i terrenget går turen?
Start på Stortrøna ved E 39 mot Ørskogfjellet. Følg skilting til Giskemonibba langs grusveg opp til Kvanndalen. Ta av frå parkeringsplassen på nordsida av grova. Her kan det i periodar vere litt vått. Kryss grova etter 40-50 m slik at du kjem over på sørsida. Her er råsa litt utydeleg, men er lett å finne etter kvart og er grei på resten av ruta. På kanten over skoggrensa kryssar ein over til nordsida av grova att.
I staden for å gå same ruta tilbake, kan ein gå til Høgsætra. Ein går då litt tilbake før ein svingar austover bratt ned mot skaret på tydeleg rås.
Alternativ rute til Giskemonibba kan vere å starte ved Giskemosaga og gå til Høgsætra.
Frå Høgsætra kan ein følgje ryggen (ut mot Landedalen) mot Giskemonibba. Råsa opp frå stølen på Høgsætra er litt overgrodd av einer i starten. Ho er og litt utydeleg i skaret før toppen. Terrenget er tørt og fint, men bratt det siste stykket.
Tilgjengeleg med rullestol
Nei
Kvar startar turen?
Ta av frå E39 ved Stortrøna i Landedalen 5,4 km nord for Sjøholt. Stor parkeringsplass på søraustsida av vegen. Her finn du turskilt mot Kvanndalsætra, Giskemonibba og Postvegen.
Kvar kan du parkere?
E39 ved Stortrøna i Landedalen 5,4 km nord for Sjøholt.
Rute på kart
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 0 |
Fast grus | 4 |
Løs grus | 3,6 |
God sti | 4 |
Lengde tur/retur (km) | 11,6 |
Stigning | meter | grader |
---|---|---|
Bratteste helning opp | 600 | 10 |
Total stigning | 470 | Høydemeter |
Offentlig transport
Ja, Timeekspressen køyrer forbi kvar time i begge retningar.
Mobildekning
Ja
Kart
Ørskogfjellet