English

Gimsdalstinden - 1007 m.o.h

Sykkylven

Kort om turen

Gimsdalstinden er nabotopp til Straumshornet og er ein minst like spanande tur. Den har, som sin nabo, flott utsyn! Det er enkel klyving undervegs, men ikkje veldig utsatt. Om du vil omgå nokre luftige parti, kan du følge sti litt nede i sida.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen følger du skogsvegen som går mot søraust.Startar ved bommen. Du passerer ei bru (Tverrelva). Følg vegen frammover dalen eit godt stykke heilt til du kjem til eit Y vegdele (Høyset), her tek du oppover til venstre. Du endar oppe på Gimsdalsstølen etterkvart og elva rett ned til høgre. Denne skal du over ved lita bru. Sjå merking/rås ved vegen. Gå over brua og følg råsa. Like etter kjem du til eit par vardar som viser kvar du skal ta av på stien som du skal følge vidare (ta av til høgre). Stien er tydeleg heilt til topps. Du går først over litt myrlendt område, så gjennom bjørkeskog og etterkvart i ur/stein.  Stien er tydeleg og god.Utsikta frå toppen er flott; ta deg også tid til å nyte den undervegs. 

Tilkomst og parkering

Ta av frå FV60 ved ein CirkleK-stasjon og kjør innover/austover Kyrkjevegen ca100 meter. Ta vegen oppover dalen til venstre. Følg den heilt til parkeringsplass høgre side framme ved ein bom.

Fottur
Rød
Lengde
5,32 km en vei
Stigning
929 m
Tidsbruk
4 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
935 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4

Offentleg transport

Det går fint å sykle til P-plass og vidare fram til Høyset og parkere sykkelen der. Aktive syklistar syklar lett opp på gimsdalsstølen også.

Anna

Turen heilt opp på Gimsdalssætra (Følg vegen heilt til endes) er og verdt eit besøk på returen?

Kart

Turkart Sykkylven (mulig å få kjøpt lokalt)

Lenke til turskildring

Sunnmøres små og store fjellturer
Køyreskildring
Print ut