English

Gausnestoppen

Ålesund

Kort om turen

Turen går først langs den Trondhjemske postveg ca 1,2 km. Her møter du vegen som er bygd pga kraftutbygginga. Brei, fin grusveg går gjennom gamal furuskog ut mot toppen. Herifrå har du flott utsikt over fjordspennet, Storfjorden og fjella rundt.

Ruteskildring

Start ved parkeringsplassen ved Ørskoghallen/ fotballbanen. Gå opp mot campingplassen og ta av til venstre til Postvegen og Gausnestoppen. Følg skogsvegen opp Postvegen og gå vidare forbi kassa og litt nedover igjen. Snart møter du anleggsvegen som går ut mot Gausnestoppen. Vegen følgjer traseen til mastene heilt ut til toppen.

Det går dyr på beite i området i periodar. Ikkje skrem dyra på nokon måte.

 

Tilkomst og parkering

Frå sentrum følgjer du skilting til Sjøholt Camping, forbi Ørskog kyrkje og Ørskog prestegard. Før Sjøholt skule svingar du først til høgre og så til venstre i retning Ørskoghallen og Ørskog stadion. Parkeringsplass ved Ørskoghallen

Fottur
Blå
Lengde
3,7 km en vei
Stigning
314 m
Tidsbruk
2 t. 40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
283 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,2
Grus 6,2

Offentleg transport

Fram ekspress til Sjøholt sentrum

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut