Kvifor gå denne turen?
Turen til Gausnesgarden følgjer den gamle gardsvegen i sørvendt blandingsskog. Som regel er her snøfritt seinast frå midten av april.
Kvar i terrenget går turen?
Frå hovudvegen går det ein ganske bratt gardsveg i slynger oppover lia. Standarden er bra, kan køyrast med grove køyretøy, men den er stengt med kjetting i starten. Eit par gongar går det av avstikkarar, men hald til venstre så unngår du omvegar. Utsikta vert hindra av frodig vegetasjon, men enkelte stadar opnar det seg og då ser ein dels søraustover mot Vaksvik og Dyrkorn, dels rett over fjorden mot Ramstad og dels vestover Storfjorden. Siste hundre metera er vegen slakare, med delar av ein fin gamal mur på oppsida.
Tilgjengeleg med rullestol
Nei
Kvar startar turen?
Ca 3 km frå Sjøholt på Rv 650 mot Stordal står det skilt mot Gausnes 2,5 km. Køyr nesten til endes på vegen (2,4 km) Like etter at ein har passert eit eldre hus på høgre hand, tek ein gammal gardsveg av bratt opp til høgre.
Kvar endar turen?
Målet for turen er Gausnesgarden som vart fråflytta i 1958.
Postkasse med bok for registrering heng lett synleg på uthusveggen.
Kvar kan du parkere?
Ein kan parkere langs vegen, eller køyre litt forbi staden der gardsvegen startar. Der er det ein litt større plass sør for vegen.
Rute på kart
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Traktorveg | 1,7 |
Lengde tur/retur (km) | 1,7 |
Stigning | meter | grader |
---|---|---|
Bratteste helning opp | 25 | 15 |
Total stigning | 150 | Høydemeter |
Mobildekning
Ja
Spesielle forhold
Anleggsvegen forbi gardstunet går ut til kraftspennet frå Gausneset. Etter Dagmarorkanen jula 2011, er det ein del vindfall over denne vegen og til dei er fjerna må ein rekne med nokre små omvegar i terrenget. Frå området ved høgspentmastene er det flott utsikt over fjorden.
Frå garden går også ein gamal veg opp til toppen av åsen, men den blir mindre tydeleg pga mykje tre og busker som veks opp. I eldre tider var det gangveg mot Sjøholt herfrå. Det er enno mogleg å gå mot Sjøholt, men det er ikkje tydeleg rås i starten. Det er lettast å halde seg til kraftlinjetraseen, men råsa går tidvis litt utanom denne, ein endar då til slutt på Postvegen og kan gå ned mot Sjøholt.
Kart
Ørskogfjellet