English

Garthøglia

Surnadal

Kort om turen

Dette turmålet ligg langs ein av dei mest populære rundturane på Nordmarka, nemleg traseen til turlangrennet «Nordmarksrunden». Stikk UT!-posten på Garthøglia ligg omtrent der dette løpet brukar å ha drikkestasjon. Turmålet ligg i lett kupert skiterreng, perfekt for familieturen, og byr på mange fine rabbar å raste i.

Ruteskildring

På yttersida av den store smørebua ved Nordmarka idrettssenter finn du startpunkt for turen. Gå herifrå rett fram i lysløypetraseen og ta av til venstre etter eit par hundre meter. Følj dette sporet i ca. 3,5 km fram til Garthøglia. Der kan du snu, eller du kan gå ein rundtur ved å følgje sporet til den såkalla «Nordmarksrunden» vidare og tilbake til Idrettssenteret. Heile runden er ein del lengre enn tur-retur, men du slepp til gjengjeld møtande trafikk. Avhengig av forholda blir alternative løyper tråkka inn til Garthøglia, og du kan da oppleve at ruta som er beskrive framfor, ikkje er opptråkka. Du må da fortsette vidare i traseen du går i ut frå startpunktet, og ta av i det første sporet som tek av til venstre ut ifrå lysløypa, og som òg er tråkka. Følj dette sporet fram til Garthøglia. Dei alternative traseane er litt lengre enn den som er beskrive ovanfor og har også litt meir stigning. Det vil gå fram av loyper.net og skisporet.no kva trase som er tråkka sist, og vi anbefaler at du følgjer denne.

Tilkomst og parkering

Køyr 6,7 km frå Skei i Surnadal i retning Kristiansund. Her finn du Nordmarka idrettssenter. Sving av til venstre inn til idrettssenteret og køyr så langt inn og bort på parkeringsområdet som du kjem (uten å køyre inn mellom bygningane). Du har da den store smørebua rett framfor deg. På yttersida av bygget finn du startpunkt for turen. Gratis parkering.

Skitur
Blå Løype
Lengde
3,5 km en vei
Stigning
177 m
Tidsbruk
2 t. 40 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
387 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ukjent

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 7

Offentleg transport

Nettbuss har fleire ruter forbi idrettssenteret.

Anna

Når den alternative traseen er opptråkka, vil turen til Garthøglia bli ca. 1 km lengre.

Kart

Friluftskart for surnadal
Køyreskildring
Print ut