English

Garnestua - Flåna

Ulstein

Kort om turen

Turen går på tørr og god sti, ingen særlig bratte parti og fin utsikt i mange retningar. Frå toppen ser ein både ut mot havet og innover fjordane og mot Sunnmørsalpane. Egnar seg godt som familietur for større born. Turen vitjar 2 toppar: Garnestua (654 moh) og Flåna (612 moh) (eller Grøthornet, som mange kallar denne toppen)

Ruteskildring

Start ved Løset øvst i Ringstaddalen som går oppover frå Haddal. Der stien startar er det godt merka med skilt til Garnestua og Flåna. Stien er tydeleg heilt til topps. Han går på ryggen og er tørr og fin. Om ein har born med på turen så bør ein vere litt obs på nokre bratte skrentar mot ned mot Fjellsvatnet. Du kjem til eit vegskilje like før toppen der det er merka mot Garnestua eine vegen og Flåna andre vegen. Viss du vil gå på begge toppane, må du først velje den eine og så gå bort til den andre etterpå. Returen tek du same veg som du kom opp. Om du vil, kan du gå ned att via Hasundhornet. Då blir det ein litt lenger tur enn den som er omtala her.

Tilkomst og parkering

Frå Volda/Ørsta: Køyr RV 653 gjennom Eiksundsambandet. Ta av ved skilt til Haddal og køyr opp gjennom dalen, delvis på grusveg. Ved Løsetvatnet er der ein parkeringsplass ved eit hyttefelt. Her kan du parkere og stien startar på venstre side av vegen. Frå Ulstein/Hareid: Køyr RV61. Øvst på eidet mellom Hareid og Ulstein tek du av sørover (til høgre når du kjem frå Ulstein) på ein "fjellveg" som går over til Haddal. Du skal køyre forbi Hammarstøylvatnet (på venstre side) og Fjellsvatnet (på høgre
Fottur
Blå
Lengde
5,92 km tur/retur
Stigning
471 m
Tidsbruk
2 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
648 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,9

Offentleg transport

Nei

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre (1998) - eit restopplag er tilgjengeleg hjå http://www.friluftsforeninga.no

Lenke til turskildring

Sunnmøres små og store fjellturer - Garnestua
Køyreskildring
Print ut