Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Gamlevegen frå Alstad til Grønning

Om turen

Gradering

Kommune

Norddal

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

3 km tur-retur

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Gamlevegen frå Alstad til Grønning

Fotograf: Andreas Håvoll

Kvifor gå denne turen?

Ein enkel og fin tur på gamlevegen mellom Alstad og Grønning. Passar for alle aldersgrupper. Etter ca 30 meter på skogssti er det lett kupert grusveg heile vegen. Halve turen går langs elva Valldøla. Ved elvebredda i Løygjerdet finn du benkar med muligheit for å raste.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ved parkeringsplassen på Gudbrandsjuvet. Gå 70 meter langs fylkesvegen og ta til venstre, skilt til Juvet. Etter 50 meter på grusveg vil du sjå eit Stikk UT! -skilt. Her er det òg skilta til Olavsvegen. Gå skogssti opp til høgre, ca 30 meter. Ta til høgre igjen og gå vidare langs grusvegen til Grønning. Etter 600 meter kryssar du fylkesvegen og går vidare langs elva Valldøla. Her vil du kome til Løygjerdet der det er benkar og muligheit for å raste. Etter Løygjerdet blir vegen smalare og litt meir kupert. Flott utsyn ned i elva.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar endar turen?

Grusvegen endar på fylkesvegen rett før Grønning. Her har du moglegheit til å gå vidare på skogssti på andre sida av fylkesvegen (Olavsvegen), gå vidare langs fylkesvegen til Grønning eller ta same rute tilbake.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved Gudbrandsjuvet. Ingen avgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2
Fast grus 2,8
Lengde tur/retur (km) 3 km tur-retur
Stigning meter grader
Total stigning 52 Høydemeter