English

Fremste Skorkja/Litlebotntinden frå Hjellesetra

Ålesund

Kort om turen

Ein lang og svært variert tur delvis på rås, der du må krysse elvar, gå over myrar og moreneryggar, slite deg oppover skredmark og ur før du til slutt kjem opp på ei stor flate med blokkstein og kan rusle utover mot høgste toppen. Her kan du glede deg over storslått utsikt mot alle dei andre toppane i Ørskog.

Ruteskildring

Turen startar på Hjellesetra. Følg merkepinnar austover til du tek av på rås langs Litlebotnselva og opp til Litlebotnsvatnet.Ved Litlebotnsvatnet er det greitt med ein pause, før du held fram på råsa på austsida av vatnet. Denne går eit stykke frå vatnet, og du bør ikkje starte oppstigninga før du har kome halvvegs inn i botnen og ser ei grøn skrede som er grei å følgje opp mot bandet mellom Fremste Skorkja og Sandegga. Råsa forsvinn etterkvart som du kjem opp i ura, men her er ikkje vanskeleg å gå. Når du når bandet får du ei fantastisk utsikt mot Storbotnshornet, Grytavasstinden, Svartvassegga, Lauparen og Sunnmørslauparlægda. Går du heilt fram på kanten ser du rett ned i Grytavatnet og vatna i Trollbotnen og Isbotnen. No er den tyngste delen av turen over, og du kan rusle utover mot toppen medan du ser nordvestover mot Vaksvika, Storfjorden og øyane utanfor Ålesund. Når du så set deg ved varden, ser du at i sør stengjer Sandegga noko av utsynet. Likevel er det nok å sjå på; her i det mest spektakulære området av Ørskog kommune. Fremste Skorkja er trass alt den høgste toppen i Ørskog som ikkje er grensefjell til nabokommunene! Er du av dei som likar klyveutfordringar, så kan du i staden for å gå inn langs vatnet og opp den vegen, - ta sikte på toppen med det same du kjem på høgde med vatnet.

Tilkomst og parkering

Ta av til venstre frå R 650 rett etter den krappe svingen over elva i Vaksvika. Følg vegen innover til du passerer eit stort fjøs på venstre hand. Her møter du bomveg med avgift. Køyr vidare forbi Visetsetra og enden av vegen på Hjellesetra. Her er det nokre parkeringsplassar. Parker her og følg skilting vidare. Hjellesetra.
Fottur
Rød
Lengde
13,4 km tur/retur
Stigning
977 m
Tidsbruk
5 t. 50 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1274 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 13,4

Offentleg transport

Nei

Anna

Det kan ligge snø til ut i juli.

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps og kontant
Køyreskildring
Print ut