Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

12

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ved Litlebotnsvatnet passar det å ta ein pause før du går vidare.
Når du nærmar deg varden på Fremste Skorkja er det heilt flatt.
Snarvegen frå Litlebotnsvatnet gir klyveutfordringar.
Frå Fremste Skorkja er det god utsikt mot Grytavatnet omkransa av frå venstre; Lauparlægda, lauparen, Svartvassegga og Grytavasstinden

Fremste Skorkja

Fotograf: Hilde Sørdal og Gunnhild Todal

Kvifor gå denne turen?

Ein lang og svært variert tur delvis på rås, der du må krysse elvar, gå over myrar og moreneryggar, slite deg oppover skredmark og ur før du til slutt kjem opp på ei stor flate med blokkstein og kan rusle utover mot høgste toppen. Her kan du glede deg over storslått utsikt mot alle dei andre toppane i Ørskog. Snøfritt frå slutten av juli.

Kvar i terrenget går turen?

Turen følgjer i starten same råsa som turane mot Grytavatnet og Lauparen. Når du har kryssa den første elva du møter, skal du orientere seg i retning mot sør, mot Litlebotnen. Du kan gjerne krysse både Grytagrova og elva frå Litlebotnen ganske kjapt. Her er det eit stykke dårleg med rås, men held du fram på vestsida av den siste elva du kryssa, finn du etterkvart ei rås mot søraust. Den bør du følgje til er du på høgde med ei hytte (avmerka på kartet på høgde 629). Då dreiar du først mot sør og så mot søraust igjen. Du vil då finne grei rås på austsida av elva heilt til Litlebotnsvatnet.

Ved Litlebotnsvatnet er det greitt med ein pause, før du held fram på råsa på austsida av vatnet. Denne går eit stykke frå vatnet, og du bør ikkje starte oppstigninga før du har kome halvvegs inn i botnen og ser ei grøn skrede som er grei å følgje opp mot bandet mellom Fremste Skorkja og Sandegga. Råsa forsvinn etterkvart som du kjem opp i ura, men her er ikkje vanskeleg å gå. Når du når bandet får du ei fantastisk utsikt mot Storbotnshornet, Grytavasstinden, Svartvassegga, Lauparen og Sunnmørslauparlægda. Går du heilt fram på kanten ser du rett ned i Grytavatnet og vatna i Trollbotnen og Isbotnen.

No er den tyngste delen av turen over og du kan rusle utover mot toppen medan du ser du nordvestover mot Vaksvika, Storfjorden og øyane utanfor Ålesund. Når du så set deg ved varden, ser du at i sør stengjer Sandegga noko av utsynet. Likevel er det nok å sjå på; her i det mest spektakulære området av Ørskog kommune. Fremste Skorkja er trass alt den høgste toppen i Ørskog som ikkje er grensefjell til nabokommunene!

Er du av dei som likar klyveutfordringar, så kan du i staden for å gå inn langs vatnet og opp den vegen, - ta sikte på toppen med det same du kjem på høgde med vatnet. Sjå siste bilde.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Køyr austover på fylkesvegen mot Tresfjord. Du køyrer forbi gardane i Vaksvika og Vaksvikfjellet Camping. Etter ca. 5,5 km. kjem du til eit vegkryss, der bomvegen til Grytalisætra tek av mot søraust. På Grytalisætra er det gode parkeringsområde.

Kvar kan du parkere?

På Grytalisetra

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4
Natur 6
Myr 2
Lengde tur/retur (km) 12
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 400 17
Total stigning 900 Høydemeter