Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Midsund

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde en vei (km)

1 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Franskhellaren

Kvifor gå denne turen?

På utsida av Dryna ligg Franshellaren som er utgraven av havet.

Franskhellaren fikk navnet sitt etter at fire franske krigsfangar oppheldt seg der i 6 månader under krigen. Dei fekk mat av lokale folk, og bygde seg ei hytte inst i hellaren. Denne vart sett fyr på dagen etter frigjeringa. Dette er ein lett tursti for heile familien. Anbefalar bruk av sko som tåler noe vatn. Turen kan kombinerast med fiske på berga ved sjøen på utsida av Dryna.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ved parkeringsplassen på ferjekaia på Dryna. Der går ein traktorveg som svingar seg oppover lia til du kjem på utsida av Dryna. Der fortset stien langs med attleger fram til du tek av opp mot hellaren. Stien er merka heile vegen.

Kulturminne

I denne hellaren, som går omlag 55 meter inn i fjellet, oppheldt fire unge franskmenn seg vinteren 1944/45. Dei var i tysk fangenskap i ein fangeleir på Klauset på innsida av Otrøya, då dei hausten 1944 bestemte seg for å rømme. Dei tok kontakt med lokale folk som dei visste dei kunne stole på, og i samarbeid med desse vart flukta planlagt. Natta til den 22. november 1944 rømte franskmennene, og i ei bukt nærare Midsund vart dei henta med robåt. I mørke vinternatta vart dei rodd til Dryna, der dei fekk mat og varme klede hos familien Sønderland. Deretter vart dei ført vidare til fots til denne hellaren. Etterkvart vart det og bygd ei lita hytte inne i hellaren for å halde den verste kulda og fukta ute. Seinare vart det òg satt inn ein vedovn i hytta. Desverre vart hytta tent på nokre år seinare og brann ned. Nordmennene samla inn mat til fransk-mennene, som blei levert kvar tredje natt på ein avtalt stad eit stykke unna hellaren. Franskmennene oppheldt seg i hellaren heilt fram til den tyske kapitulasjonen 8. mai 1945.
Då blei dei henta til Midsund og gjort stor ære på saman med dei lokale hjelparane sine. I ettertid har ikkje hellaren gått under anna nemning enn franskhellaren.
(Kjelde: Midsund kommune)

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Parkering ved fergeleie på Dryna. Kommer ein med farga fra Solholmen er
det bare å følge riksvegen til ende (Dryna). Skogsveg det fyrste stykket opp,
deretter oppgått tursti.

Kvar kan du parkere?

Ved fergekaia på Dryna.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,9
God sti 0,1
Lengde en vei (km) 1 km