Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Frå Sædalen til Hidsdalen

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

12

Lengde en vei (km)

6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt frå Trolltua mot havet.
Utsikt frå Trolltua mot Gjerdsvika.
Utsikt frå Fjellsenden.
Kart.

Frå Sædalen til Hidsdalen

Kvifor gå denne turen?

Familievenlig tur for folk i alle aldre. Fin utsikt frå Fjellsenden og Trolltua.
På Gjerdseidet finn ein restar etter torvhus, frå den tida det vart spadd torv i Gjerdsvika.
Fin utsikt utover storhavet mot Svinøya når ein går nedover grusveien langs Hidselva mot hovudveien.

Kvar i terrenget går turen?

Turen går frå Sædalen til Fjellsenden i lett motbakke i delvis sti, men godt merka. Frå Fjellsenden går turen nedover til Gjerdseidet. Også her er det delvis sti, men godt merka. Tydelig sti og delvis merka viser vei utover mot Trolltua sin varde, turen går så vidare nedover til Hidsdalen. Siste etappe går frå Hidsdalen på grusvei til hovudvegen på Hide. Gjerdsvika IL har post på: Fjellsenden, Gjerdseidet, Trolltua og Hidsdalen. På stien mellom Gjerdseidet og Trolltua er det kryss med veivalg mot merka sti til Hidsegga.

Kulturminne

Murane av torvhus står fortsatt igjen på Gjerdseidet. Ein spadde torv her i dette området, også på Rotemyrane som ein passerer på turen mot Trolltua. Torva vart tørka utover berg og mark, og deretter lagra i torvhusa. Torv vart brukt til brensel. Frå bygda vart torv henta frå torvhusa etter behov.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar like ved ferista ved Sædalsvatnet, stien er merka med skilt mot Hidsdalen.

Kvar endar turen?

Turen sluttar der grusveien Hidsdalen møter hovudveien på Hide.

Kvar kan du parkere?

Ved Sædalsvatnet i Gjerdsvika ( 30 kr. i bompengar ) Eventuelt parkering ved bommen, då er det ca. 15 min. å gå til Sædalsvatnet.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 1,9
God sti 2,2
Dårlig sti 1
Myr 0,3
Lengde tur/retur (km) 12
Lengde en vei (km) 6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 25 20
Bratteste helning ned 20 35
Total stigning Ca. 170 Høydemeter

Mobildekning

Det dekning for mobil nesten heile turen.