English

Flosteinsnibba

Stranda

Kort om turen

Flosteinnibba er den høgste toppen i området mellom Strandadalen og Sunnylvsfjorden. Svimlande utsyn ned mot Åkneset og Oaldsbygda, og elles 360 grader inn i ymse sunnmørske fjellformasjonar. Ein avstikkar til Overvollshornet er lett å tilrå, men er ikkje nærare skildra her. 

Ruteskildring

Før turen: Det er dårleg dekning på denne turen og det kan derfor vere greit å laste ned kart på forhand/ta med kart. 

Parkeringa er på andre sida av vegen av stigen. Kryss vegen og gå opp grus/traktorveg. Ver vennleg å bruke denne og ikkje parker på marka til grunneigar.

Gå bratt opp sørsida av elva til snaufjellet, og drei mot sør bak Haukhammaren. Du held høgda søraust for elva og opp forbo det vesle vatnet på 1076 m. Så tek du kurs mot nordasut til skaret mellom Overvollshornet og Flosteinsnibba. Ei litt brattare kneik langs nordvestryggen på Flosteinsnibba fører opp til topp-platået.

Starten av turen går i skogen på sti, her er stien bratt, men delvis merka med raud måling. Når ein kjem over skoggrensa forsvinn stien noko over i diffuse dyretrakk. Etter kvart avtar stigningen noko. Her har ein Haukhammardalen på høgre hand. Vidare er det stort sett steinur og ingen sti, men delvis "merka" med vardar. Oppe på bandet kan ein velje avstikkaren til Overvollshornet som no ligg rett nord. Sørover frå bandet følgjer ein ryggen til topps til Flosteinnibba. Her kan det i byrjinga vere nødvendig å stø seg med hendene på eit par punkt, men det vert aldri luftig. Topplatået er stort og rundt men med bratte kantar. Varden ligg frampå knaten. Er du her på ei skyfri dag er utsikta fantastisk. Vegen tilbake følgjer same rute.

Tilkomst og parkering

3,5 km frå tunnelen i Strandadalen (Fylkesveg 60) kan du parkere ved ei kjegleforma fonnverna, dette er litt nord for garden Røyr. Her er det egen parkering for turgåarar og det bes om respekt for at det ikkje parkerast utover denne plassen/på marka. Parkeringa er skilta med Stikk UT! parkeringsskilt.

Fottur
Svart
Lengde
3,97 km en vei
Stigning
1102 m
Tidsbruk
4 t. 45 min.
Sesong
Sommer
Høyeste punkt
1515 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Offentleg transport

Fjord1 har bussruter mellom Stranda og Hellesylt, men ikkje hyppig.
Køyreskildring
Print ut