Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Vel framme ved Flåttasetra.
Frå utkikspunkt på tur mot setra.
Haust i fjellet.
Utsikt ut fjorden

Flåttasetra

Fotograf: Inger Bergset

Kvifor gå denne turen?

Dette er ein kort tur som likevel kan oppfattast som litt tøff ettersom første del går etter ein av dei brattaste skogsvegane i bygda. Her kan ein verkeleg få opp dampen- om ein er interessert i det. Sidan turen er såpass kort, kan likevel også dei som er meir utrena gå han- viss dei brukar litt meir tid. Du passerer flotte utkikspunkt på turen, og målet er ei trivelege hytte- og setergrend. Det er trimbok på veggen til seterskjelet på sjølve Flåttasetra.
Dersom du tykkjer turen er for kort og ønskjer å forlenge han, kan du gå opp på Lykkjefjellet (626 m.o.h.) som ligg rett opp for hytte- og setergrenda. Trass i at denne toppen ikkje er så høg, er den eit flott utkikspunkt med overraskande god utsikt.

Kvar i terrenget går turen?

Ta av oppover Bøverdalen i krysset i Bæverfjord. Køyr oppover dalen til du kjem til Myrholten, ca 9 km. Myrholten ligg like inntil vegen på høgre side etter at du har køyrt opp ein lang og bratt bakke. Ved Myrholten svingar du til venstre inn på skogsvegen som går oppover lia. Parker på ein av parkeringsplassane 2-300 meter opp i vegen. Gå vidare oppover etter skogsvegen. Det er generelt bratt oppover, men etter ein skikkeleg bratt bakke eit stykke oppi lia svingar vegen mot høgre. I yttersvingen her står det nokre skilt, og her skal du ta av til venstre frå skogsvegen og følgje stien mot Flåttasetra. Frå du tek av inn på stien, er det relativt flatt innover mot seter- og hyttegrenda.

Kulturminne

På tur opp Myrholtlia passerer vi den sagnomsuste «Toresteinen» som har to kjente historier knytta til seg frå gamle dagar. Bak denne steinen gøymde Tore Larsson seg slik at han fekk lada om børsa si og berga livet da ein skadeskoten bjørn gjekk til åtak på han. Det var også bak denne steinen dei fann andaktboka til den såkalla «Finnguten» som var sjuk og hadde hatt tilhald på Myrholtgjerdet. Både steinen og «Finnguten» er omtala i tekstar av Bøverdalsdiktaren Jørgen Gravvold. Sjå Jørgen Gravvold: Ville blomstra.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Myrholten, Bøverdalen

Kvar endar turen?

Flåttasetra

Kvar kan du parkere?

I skogsvegen ovanfor Myrholten

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 2
God sti 2
Lengde tur/retur (km) 4 km
Stigning meter grader
Total stigning 235 m Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

Pass på så du held deg på føtene på tur ned igjen! Kombinasjonen av bratt skogsveg og steinar det er lett å «rulle» på, krev at ein er forsiktig.

Kart

Fjordruta