English

Fjørtoftneset

Haram

Kort om turen

Denne turen byr på veldig flotte natur- og kulturminneopplevingar, med eit rikt dyreliv og vakker kystnatur. Størsteparten av området er verna naturreservat, og ein finn fleire gravrøyser i området. Villsauer beiter her for å halde vegetasjonen nede. Turen går til fyrlykta ytst på Fjørtoftneset og er ein fin tur for heile familien.

Ruteskildring

Du startar ved ein gamal sommarfjøs som ligg ved starten av grusvegen. Derifrå følgjer du traktorvegen eit stykke, før den går over i ein tydeleg sti. Det er mogleg å sykle/køyre langs traktorvegen fram til den går over til sti. Du kan parkere fleire stader langs vegen. Når du kjem til steingarden som markerer starten på stien, går du også inn i det som er naturreservatet. Heile vegen er relativt flatt, og stien går stort sett over lyng og gras. Du møter også litt berg og stein, som er å forvente for ein sti langs fjøra. Det er lett å kome fram til turmålet for dei fleste.

Tilkomst og parkering

Fram til opning av Nordøyvegen 27. august 2022, må ein ta hurtigbåt eller ferje til Fjørtoft. Det er lurt å planlegge turen etter rutetidene. Når du kjem frå kaia tek du av til høgre i krysset, det er kortast. Følg vegen i ca 4 km. Men, du kjem fram til startstaden for turen uansett kva retning du vel. Turen startar ved ein traktorsti, og her finn du eit skur med skilta «Saloon» på. Følg vegen herifrå. 27. august opnar heile Nordøyvegsambandet, og då må ein køyre bruer og undersjøiske tunneler (bompengar) til Fjørtoft.

Fottur
Grønn
Lengde
3 km en vei
Stigning
21 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
15 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2

Offentleg transport

Du kan ta hurtigbåt frå Ålesund, då bør du pårekne å ta med sykkel for å kome til startpunktet. Det er veldig fint å sykle rundt øya, då det er ganske flatt. Rutene til hurtigbåt finn du på http://www.frammr.no. Elles er det mogleg å ta buss til Brattvåg, og ferge frå Brattvåg til Fjørtofta. Igjen bør du ta med sykkel dersom du ikkje vil ha med bil, slik at du kan sykle frå ferjekaia. Ferjeruter finn du på http://www.fjord1.no, og buss på http://www.frammr.no. NB! Planlegg etter ferje- eller hurtigbåttider. Vi kjem tilbake med korleis det blir med offentleg transport etter 27. august når Nordøyvegen opnar.

Anna

I april-mai kan villsauene som beitar i området framleis vere i lammeperioden, så det er viktig å ikkje forstyrre dyra!

Kart

Norge-serien 10076 Ålesund
Køyreskildring
Print ut