English

Fiskåbrauta - Kvanndalen - Brandalsosen - rute 13

Vanylven

Kort om turen

Lett og grei tur som går i den same traseen som menneske og dyr brukt på veg til sætra i tidlegare tider. No går det veg opp til fjellet på begge sider, og dermed er denne turen langt lettare enn før. Om lag halve turen går på ny turveg med grus.

Ruteskildring

Sjølv om ein kan gå heilt frå Fiskå, vil truleg dei fleste køyre opp til Fiskåbrauta og gå derifrå. Mange av gardsbruka på Fiskå hadde sæter ved Kvanndalsvatnet (Mørkevatnet) og difor er dette ein godt innarbeidd turtrase i området. Det er lett og god sti heile vegen. 

Tilkomst og parkering

Ved start på Fiskå: Frå gamleskulen på Rusta er det god grusveg på vel 2 km opp til innegjerda parkeringsplass på Fiskåbrauta 395 moh. Denne vegen er bomveg. Ved start i Brandal: Ta av frå Fv 2 i Sørbrandal ved kvitt murhus (skilt på hagegjerdet) Kjem du frå Koparnes er det ca.300m etter kraftstasjonen. Kjem du frå Åram er det rett etter at du passerer den gamle butikken og posten. Køyr framover dalen 700m. Derifrå er det 4 km bomveg til parkeringsplassen. Pris 40 kr. Parkeringsplass ved starten
Fottur
Grønn
Lengde
4,5 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
2 t. 15 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2
Sti 2,5
Køyreskildring
Print ut