English

Fingeren

Ørsta

Kort om turen

Fingeren er ein særprega topp som ligg lett synleg frå Standalhytta, midt i hjartet av Sunnmørsalpane. Det er flott utsikt frå toppen! Siste 40 høgdemeter byr på spanande klyving, men det er også flott å stoppe før klyvinga. Du får likevel ein flott tur og flott utsyn!.

Ruteskildring

Start ved Standalhytta. Vest for hytta (venstre side) finn du stien. Han startar med eit "gjerdeklyv" og er tydeleg vidare opp gjennom skogen og også etter at du kjem ut av skogen. Litt vått nokre plassar. Etterkvart går du over i ur (omlag 800 moh). Her er det delvis merking med vardar. Sjå etter desse, så finn du ei fin rute mot fingeren. Gå ikkje for langt nede; der er det ein del vatn og det kan vere glatt. Du kjem opp på ei lita egg før sjølve Fingeren. Her ser du ned i Romedalen og det er fint å nyte nista og utsikta. Går du turen om ettermiddagen, har du også lenge sol her. Sjølve klyvinga opp på Fingeren kan for ein del vere utfordrande, men tau er ikkje naudsynt. Gå gjerne med kjentfolk første gong så finn du enklaste ruta. Du skal ikkje gå rett mot toppen, men hald deg i nordsida. Du vil nok sjå kvar "stien" går om du gir deg tid, men ta ingen sjansar om du er usikker. Det er bra med plass på toppen, så gi deg tid å stoppe her litt, før du returnerer.

Tilkomst og parkering

Frå Festøy fergekai: Følg skilting mot Standal (Fv 65). Ved Store Standal svingar vegen seg vidare opp mot Standalseidet Frå Ørsta: Køyr mot Sæbø (655). Ved Høgebrua tek du av opp Follestaddalen (Fv 55). Du kan velje kva side av dalen du vil køyre på. Der vegane møtest fremst i dalen, går vegen vidare over Standalseidet. Nedanfor Standalhytta er det parkeringsplass ved hovudvegen. Parkering ved hovudvegen like nedanfor Standalhytta
Fottur
Rød
Lengde
2,63 km en vei
Stigning
770 m
Tidsbruk
3 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
1160 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,7

Offentleg transport

Nei

Anna

Det er mogleg å overnatte på Standalhytta. http://www.visitalesund-geiranger.com/no/Produkt/?TLp=439871

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut