English

Festøykollen/Romestrandhornet

Ørsta

Kort om turen

Mange har nok sett Festøykollen på veg til eller frå ferga. Det er vel verdt å gjere ein stopp og besøke denne toppen. Frå Festøykollen/Romestrandhornet har du ei fantastisk utsikt! Du har vidt utsyn ut mot havet og øyane og du er nær dei flotte sunnmørsalpane. Jønshornet/Ramoen er ein av mange tindar i nærleiken.

Ruteskildring

Start ved Vollane. Det er parkering like etter brua. Stien startar ved eit "skur"og ei grind ved brua og følger ein liten rygg på venstre side av elva. Etterkvart møter du ein traktorveg, ta til høgre og følg denne heilt til du kjem til ei bru. Her kjem du inn på sti. Det heng nokre raude merke i trea som du kan følge. Følg skilting til Romestrandhornet. Stien går litt bratt opp gjennom granskogen. Nokre stadar delar han seg, men dei møtast igjen, så du kan velge det trakket du vil. Når du kjem ut av granskogen, har du kort veg att til Vollesætra og Gamlesætra.Ved Vollesætra er det eit stidele (N62° 20.560' E6° 17.578'); eine stien går til Romestrandhornet (Festøykollen) og den andre stien går til Ramoen (Jønshornet). Du skal over ei bru, passere Gamlesætra, gå over ei elv (siste plass å fylle vatn) og så kjem du ut av skogen og ut i ope lende. No ser du ruta til topps. Først slakt over eit litt myrlendt område og så vidare jamn stigning til topps. Det er god sti og vardemerka der det er ur. Flott utsikt heile vegen til topps, og ikkje minst på toppen!

Tilkomst og parkering

Frå Ålesund: følg E136 og vidare E39 mot Bergen. Ferge Solavågen- Festøy. Frå Festøy følg E39 i 3,5 km, ta til venstre mot Erdalen, på Fv. 64. Følg vegen i 1,7 km til du passerer ei bru og ser parkeringa. Fra Ørsta: Følg E39 i retning Ålesund. Køyr gjennom Barstadvika. Like etter at 60-sona er slutt og etter ei bru, tek du av til høgre og følger denne vegen i 1,7 km til du passerer ei bru og kjem til parkeringa Parkering like etter brua ved Vollane. Det kan vere trangt om plassen på fine dagar då dette også er utgangspunktet for den populære turen til Jønshornet

Fottur
Rød
Lengde
7,28 km tur/retur
Stigning
748 m
Tidsbruk
3 t. 45 min.
Sesong
Sommer
Høyeste punkt
912 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,3

Offentleg transport

Buss Volda-Ålesund http://www.frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane

Lenke til turskildring

Sunnmøres små og store fjellturer - Festøykollen/Romestrandhornet
Køyreskildring
Print ut