English

Fangholsetra

Aukra

Kort om turen

Turen til Fangholsetra er ein lett og fin tur. Fangholsetra er i privat eige, og nyttast i dag som hytte for familien. Tur til Fangholsetra har vore ein vanleg tur for bygdefolket. Skuleklassar har ofte hatt dagstur til setra (kanskje mindre dei seinare åra), både til fots og på ski. Fjøsane er det no berre murane att av. Tidlegare var det to fjøs her.

Ruteskildring

Parker ved gamleskulen i Julsundet (Fanghol). Gå ca. 300m. på gangvegen i rettning Molde, gjennom vegskjeringa til Hola. Følg grusa sti frå informasjonstavla. Ta til høgre etter grinda og følg Fjellvegen vidare oppover. På toppen av den bratte bakken fortsett du rett fram forbi demninga og videre etter setervegen oppover. Vegen kan nokre stader var blaut . Vel framme ved setra er det fint med kvilepause, kanskje kaffi og nistemat.

Tilkomst og parkering

I Hola ved informasjontavla, starten på Fjellvegen. Ved gamle skulen i Julsundet (Fanghol) Ingen parkeringsavgift.
Sykkeltur
Rød
Lengde
1,7 km en vei
Stigning
215 m
Tidsbruk
50 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,6

Offentleg transport

Aukra Auto - Atlantic Auto

Kart

Kartserie711 Kartblad 1220 I Hustad
Køyreskildring
Print ut