English

Fagerlihøgda om Flemsetervatnet

Gjemnes

Kort om turen

Ein flott tur over høgda mellom Flemsetra og Fagerlia. Du kjem raskt opp over tregrensa, og kan nyte flott utsikt både over Flemsetervatnet og Reinsfjellet på eine sida, og fjellheimen i Sunndal og Romsdal på den andre. Turmålet ligg ved eit trigonometrisk punkt på den nordlege enden av Fagerlihøgda. Her er det postkasse med turbok.

Ruteskildring

Frå Flemsetra følgjer vi fjellvegen oppover mot Flemsetervatnet. Etter bommen flatar det ut, og vi tek til venstre over brua før vi kjem til vatnet. Herifrå følgjer vi den øvre av vegane, som går opp mot dei to hyttene. Ta av til venstre frå vegen ved skilting (like før du kjem fram til den første hytta). Følg merka sti opp og bortover høgda. Etter du har passert under ei kraftlinje, kjem du til Fagerliskaret. Turmålet ligg oppe på neste topp, ved eit tidlegare trigonometrisk punkt, 474 moh. Turen ned kan du ta same veg, eller du kan gå tilbake til Fagerliskaret og følgje merka skogsveg ned til FV 291 ved Bytbekken, om lag 2,5 km nærare Fagerlia enn der du starta (https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Fagerlihoegda-fraa-Bytbekken). Du kan også følgje høgda vidare og kome ned ved skisenteret på Fagerlia (https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Fagerlihoegda). 

Tilkomst og parkering

Turen startar ved FV291 på Flemsetra, om lag 3,5 km frå både Flemma (FV666) og Fagerlia (FV665). Starten er merka med skilt: "Fagerlihøgda om Flemsetervatnet". Det er godt med parkeringsplassar langs fylkesvegen like sørvest for der skogsvegen til Flemsetervatnet tek opp. Det er også muleg å køyre opp den første delen av skogsvegen (om lag 600 meter) til Flemsetervatnet og parkere ved bommen der det flatar ut fram mot vatnet.
Fottur
Blå
Lengde
4,5 km en vei
Stigning
438 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2

Kart

Norge-serien, Kristiansund.
Køyreskildring
Print ut