Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Fagerlihøgda frå Bytbekken

Om turen

Gradering

Kommune

Gjemnes

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

3,4

Lengde en vei (km)

1,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Fagerlihøgda frå Bytbekken

Kvifor gå denne turen?

Kort tur som raskt tek deg opp i høgda, og gir deg eit flott utsyn mot Reinsfjellet like ved, og Sunndals- og Romsdalsfjella innanfor.

Kvar i terrenget går turen?

Frå øversida av fylkesvegen tek det av ein skogsveg som vi følgjer oppover til han tek slutt i Fagerliskaret. Herifrå går vi vidare på merka sti opp til turmålet på høgda til venstre. 

Turen ned kan du ta same veg, eller du kan gå tilbake til Fagerliskaret og følgje merka sti over høgda til Flemsetervatnet og FV291 på Flemsetra, om lag 2,5 km nærare Flemma enn der du starta (https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Fagerlihoegda-om-Flemsetervatnet). Du kan også følgje høgda vidare og kome ned ved skisenteret på Fagerlia (https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Fagerlihoegda).

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar ved Bytbekken ved FV291, om lag 1,5 km frå Fagerlia (FV665), eller om lag 6,5 km frå Flemma (FV666).

Kvar endar turen?

Turmålet ligg ved eit trigonometrisk punkt på den nordlege enden av Fagerlihøgda. Her er det postkasse med turbok.

Kvar kan du parkere?

Det er to parkeringsplassar, ein like ved der skogsvegen tek av, og ein på nedsida av vegen eit steinkast vestover.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 1,2
Myr 0,5
Lengde tur/retur (km) 3,4
Lengde en vei (km) 1,7
Stigning meter grader
Total stigning 302 Høydemeter

Mobildekning

Nokså god.

Kart

Norge-serien, Kristiansund.