English

Engsetfjellet

Ålesund

Kort om turen

På toppen av Engsetfjellet er det godt utsyn til romsdalsfjella i aust, Sunnmørsalpane i sør, Grasdalsfjellet og Frostadtinden i nord og fjordar og kysten i vest. Turmålet er toppen av Engsetfjellet, der også postkassa med Stikkut-kode er plassert

Ruteskildring

Turen startar på parkeringsplassen som ligg på Fylling om lag 100 m aust for Skodje Byggvare AS. Etter 200 m langs fylkesveg 106 mot Engesetdal går turen om lag 2 km på Nesjesætervegen. Oppå sjølve Nesjesætra, ved ein gammal bygning kloss inntil vegen, går turen til venstre oppetter ein godt trakka sti i lia. Etterkvart blir det mindre skog og meir myrlendt. Vidare blir det å følgje merkinga slik ein kjem seg til toppen av Engsetfjellet, 535 m o h. For dei som ikkje er lokalkjende, blir det anbefalt å følgje same ruta ned igjen.

Tilkomst og parkering

Stor parkeringsplass
Fottur
Blå
Lengde
3,16 km en vei
Stigning
468 m
Tidsbruk
2 t. 45 min.
Høyeste punkt
534 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Betalingsmiddel for bomvei

Nei!
Køyreskildring
Print ut