English

Riksfjordremma, Gossen

Aukra

Kort om turen

Turen til Riksfjordremma er ein fin tur som passar for alle,og egnar seg godt for barnevogn og rullestol. Fleire turbenkar er plassert ut, slik at ein kan ta ein kvil underveis. Ca. 300 m frå Gossen barne og ungdomsskole passerar man ein stein med innhogde namn. Fin rundløype frå Falkhytten-Riksfjordremma-Riksfjord. Frå Riksfjordremma er det også sti til Tahaugen.

Ruteskildring

Frå Falkhytten startar stien ved kunstgrasbana på Gossen barne og ungdomsskole. Følg stien vestover frå baksida av skulen. Langs stien er det mange benkar og kvileplassar. Riksfjordremma ligg ved eit turstikryss, her er gapahuk og bålpanne. Her kan ein gå tilbake samme veg, eller mot Riksfjord for så å gå gangvegen tilbake til sentrum, eller mot Tahuagen og gå gangvegen tilbake til sentrum.

Frå Riksfjord, Betania bedehus, følgjer en stien på venstre sia av bedehuset innover i skogen mot Riksfjordremma.

Stikk UT! -posten i 2022 er plasert på Gapahuken på Riksfjordremma.

Tilkomst og parkering

Frå ferjekaia følg hovudvegen rett fram til kommunesenteret, Falkhytten. Parkering i ved Coop Prix på Falkhytten eller ved Gossen Barne og ungdomsskole (lengde tur 1,4 km). Ein kan også parkere på Riksfjord v. Betania bedehus (lengde tur 1,1 km). Ingen parkeringsavgift.
Fottur
Grønn
Lengde
1,4 km en vei
Stigning
7 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
41 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,5

Offentleg transport

Ferje Rute 31 Hollingsholmen- Aukra og buss. Sjå Framm.no for rutetider.
Køyreskildring
Print ut