Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Stordal

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

4,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ved Kvammebrua
Idyll
Del av Storelva og elvaforbygninga sett ovanfrå
Langs elvaforbygninga kan ein gå heile året

Elvaforbygninga

Fotograf: Ruth Janne Vinje

Kvifor gå denne turen?

Lett tur med lite stigning langs Storelva i Stordal. Passar heile året, men vert ikkje brøyta om vinteren. Ein kan gå på skogsvegen omlag så langt ein vil. Skogsvegen går til Storheim, berre avbrote av eit jorde på Holt.

Kvar i terrenget går turen?

Turen går på skogsveg frå småbåthamna/campingen i Stordal. Ein kan følge vegen og elva, eller ein kan ta av på ein av dei mange stikkvegane og kome til vegen gjenom Stordal og gå denne tilbake til utgangspunktet.
Frå campingen går skogsvegen forbi Vinjesanden miljøstasjon. Ein gapahuk med benkar og bord er laga til for laksefiskarane. Med tre som ei boge over skogsvegen slyngar den seg framover. Ein passerar Kirkebø stadion. Etter 1,8 km kjem ein til Kvammebrua. Her er det ein benk til å kvile seg på og turbok til å skrive seg inn i. Turmål for Stikk UT finn du ved å fortsette framover skogsvegen.

For ein lett tur kan ein snu her, eller gå vegen opp til Rosekyrkja.

Elvaforbygninga fortset framover. På Øvrebust (etter 2,3 km) er det ei bru over ei kryssande elv. 100 meter etter denne er det Stikk UT-kasse. Vil ein gå på gangfelt langs hovudvegen tilbake, må ein svinge av her.
Litt lenger framme er det nok ein gapahuk. På Holt må ein krysse eit jorde, før vegen fortsett. På Storheim passerar ein eit sagbruk, og etter dette vert det litt vansklegare å følge skogsvegen, sidan den er delvis overgrodd.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Start ved Stordal camping/Stordal småbåthamn i sentrum.

Kvar endar turen?

Ein kan gå omlag så langt ein vil framover Stordal.

Kvar kan du parkere?

Ved Stordal småbåthamn

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4
Dårlig sti 0,5
Lengde tur/retur (km) 4,5
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 400 1
Total stigning 60 Høydemeter

Offentlig transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå frammr.no

Mobildekning

Ja

Kart

Turkart Ørskogfjellet