English

Eltrane - på fjellet

Sula

Kort om turen

Turen gir praktfullt utsyn mot Ålesund, Nordøyane og fjellheimen innover. På brua over Molværselva står Dei tre bukkene Bruse utskorne i tre. Opp ei lita kneik og ein kjem til eit flatt område, Gamlestølen på ca 200 moh. Der løypa gjer ein skarp sving, tek vi av frå Vonløypa og går mot Blåfjell, deretter følgjer vi skilting mot Eltrane.

Ruteskildring

Opparbeidd fjelløype, til dels noko steinete, men stort sett greit underlag. Litt stigning i starten før løypa flatar ut mot Molværselva og Gamlestølen.Vonløypa held fram i jamn stigning forbi huset til Sulanissen. Vidare på bru over Steinelva. Knapt 400 meter etter denne gjer løypa ein skarp sving. Her tek vi av frå Vonløypa og går Blåfjell og varden ein ser rett vest. Like før varden tek vi av og følgjer skilting mot Eltrane. Tydelig rås langs nordsida heile vegen ut til enden av Sula.

Tilkomst og parkering

Parkering ved klubbhuset til Langevåg IL, Vasset frilufts- og idrettspark. Om lag 100 meter forbi Sula Ridesenter finn ein skilta startstad for Vonløypa

Fottur
Rød
Lengde
8,22 km en vei
Stigning
595 m
Tidsbruk
5 t. 35 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
581 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Kart

Turkart Ålesund. Målestokk 1: 50 000
Køyreskildring
Print ut