Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Molde

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

3,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Eikremsnakken

Fotograf: Carina Stokke

Kvifor gå denne turen?

Fin rundtur med god utsikt!

Kvar i terrenget går turen?

Start ved Nordbyen skule og følg sti langs bekk på baksida av skulen. I det terrenget flatar ut etter ca 150 meter, ta til høgre, kryss bekk og hald fram på tydeleg sti heilt fram til Eikremsnakken. Her kan du nyte utsikta mot fjella i Romsdalen. Hald fram på sti som i starten er veldig myrete/blaut, men som blir tørrare etterkvart. Stien rundar rundt Eikremsnakken og Huslinakken og turen ender ved fotballbane ved Gjerdesmettvegen. Følg gang og sykkelveg tilbake til Nordbyen skule.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Nordbyen skule, Molde.

Kvar kan du parkere?

Ved Nordbyen skule.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,3
God sti 1
Dårlig sti 0,7
Myr 0,8
Lengde tur/retur (km) 3,8
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 30 20
Bratteste helning ned 250 20
Total stigning 160 Høydemeter

Offentlig transport

Bybussen i Molde kan brukast for å kome seg til start. Sjekk http://www.nettbuss.no for ruter.

Kart

Turkart Molde