English

Eidskyrkja/Kyrkjefjellet frå Skinnviksætra

Volda

Kort om turen

Turen til Eidskyrkja frå Skinnviksætra er ein fin vårskitur og har ei flott nedkøyring heilt frå toppen og ned på sætra. God utsikt i alle retningar, du ser Nordfjordfjella, Sunnmørsalpane og uti øyane, Du må også legge merke til den spesielle spiralforma furua som står på nordvestsida av sætra.

Ruteskildring

Start på Skinnviksætra og gå mot sør. Du ser Blåbreen på vestsida av Blåfjellet, du skal opp denne breen, så får du sjølv velge trase etter snøforholda som er her, det kan ofte vere greitt å fylje skispor som er her frå før. Litt ovapå sætra er der ei bru, GPS fila går over denne brua, men det kan ofte vere betre å gå på vestsida av elva og fylje moreneryggen oppover, men det er alt etter korleis snøforholda er den dagen du er her. Når du kjem opp på ei flate og skal starte opp Blåbreen må du sjå kva som ser tryggast ut, det kan rase både på vestsida og på austsida av Blåbreen. Bakken opp Blåbreen er ca 25 grader med ca 30 grader dei øverste 50 hm. Når du er komen opp på kanten går du ca 1 km mot sør/sørvest opp til toppen. Nyt utsikta og gled deg til nedkøyringa.

Tilkomst og parkering

Frå E 39 Kvivsvegen tek du av inst i Austefjorden skilta mot Fyrde, frå vegkrysset i Fyrde sentrum køyrer du ca 2,3 km vestover mot Straumshamn og tek til venstre opp bomveg til Skinnviksætra. Dersom vegen opp til sætra ikkje er brøyta må du parkere ved bommen, då vert turen 1400 hm og 15 km tur/retur mot 1100 hm og 9 km tur/retur frå sætra. Skinnviksætra, god parkeringsplass i vegkryss ca 250 m før sætra. Bomveg.
Skitur
Svart Fjell
Lengde
4,58 km en vei
Stigning
1112 m
Tidsbruk
3 t. 45 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
1483 moh
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Kart

M711 1219 III, norgeskart.no

Betalingsmiddel for bomvei

Nkr
Køyreskildring
Print ut