English

Eidså – 4H-hytta –rute 18

Vanylven

Kort om turen

Dette er ein lett og familievennleg tur til 4H-hytta som vart bygd på dugnad av Vårbrus 4H i 1974. Hytta er bygd der det før sto ei gamal mjølkehytte der mjølkarane kunne overnatte. 4H-hytta er open for alle, og er eit fint turmål for dei som ikkje vil gå så langt. 

Ruteskildring

Det er kjerreveg og/eller opparbeidd sti heile vegen opp til 4H-hytta og såleis lett å finne fram. Turen går på skogsveg. Startpunktet på turen er skilta. 4H-hytta kan også vere første stopp viss ein vil gå vidare til Ringefjellet, Svartetua eller Taksetnakken. Hytta ligg eit eit område som er mykje brukt til turaktivitetar. 

Tilkomst og parkering

For å finne starten på råsa (stien) køyrer ein frå Eidså og tek av i retning mot Syvde i krysset mellom riksveg 62 og 651. Etter 500 meter tek ein av til høgre og inn på den gamle riksvegen. Der køyrer ein vel 400 meter før ein kjem fram til vegstasjonen til Mesta der det er god plass til parkering. Rett før vegstasjonen er det ein skarp sving til høgre opp ein relativt bratt bakke, og her finn ein og dei første skilta i retning Taksetnakken.
Fottur
Grønn
Lengde
1,87 km en vei
Stigning
256 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
303 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,8

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut