Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Stordal

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

9,4

Lengde en vei (km)

4,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Nesten på toppen
Varden på toppen
Flott utsikt på veg ned
Dyrdalstind (t.v.) sett frå Overøye. Fokhaugtind t.h.

Dyrdalstinden

Fotograf: Ruth Janne Vinje

Kvifor gå denne turen?

Eit favorittfjell for mange på Langsætrane. Fjellet ligg ved Dyrdalen, som den har fått namn etter. Litt bratt oppstigning, og eit luftig parti ved toppen. Flott utsikt over Langsætrane og fjella rundt.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkering ved Puskebrua, går ein framover stølen Pusken. Ein går etter vegen som svingar til venstre rundt ein steingard. No kjem ein til ei bru over Dyrdalselva. Gå over brua, ta til høgre og følg råsa som går på venstre side av elva. Dette er same råsa som ein brukar til Dyrdalen. Det er greitt å følge råsa her, den er godt trakka. Når terrenget flatar litt ut (på «røra»), tek ein av mot Dyrdalstind, som ein ser på si venstre side. Ein kjem etter kvart over skoggrensa, og går langs ein kant oppover mot toppen. Det er greitt å gå, men kikar ein utfor kanten får ein sug i magen. Etterkvart blir det meir stein å gå på. Rett før varden er det eit luftig parti, der det kan opplevast bratt og utrygt for enkelte. Ikkje gå desse siste metrane om det føles utrygt. Pass også opp for brear og skavlar som kan henge utover forsommaren. 

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ein køyrer mot Overøye og forbi alpinanlegget. Følg vegen rett fram og parker før brua som går til Pusken.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved Puskebrua. Parkering kr. 50,- (automat).

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,8
God sti 4,8
Røtter / steiner 3
Lengde tur/retur (km) 9,4
Lengde en vei (km) 4,7
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 10 35
Total stigning 971 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Delvis

Kart

Turkart Ørskogfjellet