Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

5,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Vegen frå Stortrøna er også fin å sykle.
Siste stykket mot fossen går stien over ei myr.
Dynjafossen

Dynjafossen

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Dette er ein flat og lett tur som delvis følgjer den gamle Trondhjæmske postvegen mot Ørskogfjellet. Dynjafossen har fått namnet fordi du kan høyre “dynjinga” (fosseduren) av han når det er stor vassføring. Når det derimot er lita vassføring, går det an å gå bak fossen.
Ein fin tur å ta på sykkel, særleg om du tek sykkelen bak på bilen til parkeringa på Stortrøna.

Kvar i terrenget går turen?

Start på Stortrøna. Herifrå er det skilta til Dynjafossen og Giskemonibba. Følg traktorvegen framover mot Kvanndalen til du finn ein nytt skilt. Her tek du av og følgjer ei ganske våt rås over myra ned mot elva. Du høyrer fosseduren når du nærmar deg.
Postkassa med bok til å registrere seg i, finn du på ein bjørkelegg på elvebarden, like ved råsa. Her er oftast snøfritt frå byrjinga av mai.

Kulturminne

Ruta går delvis langs "Den Trondhjæmske Postveg".

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr E 39 nordover frå Sjøholt sentrum i ca. 5,4 km. Du kjem då til Stortrøna, med parkering på søraustsida av vegen. Her finn du turskilt til Dynjafossen. Vegen er stengt med bom.

Kvar kan du parkere?

Stortrøna

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Løs grus 5
Dårlig sti 0,4
Lengde tur/retur (km) 5,4
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 270 4
Total stigning 65 Høydemeter

Offentlig transport

Timeekspressen går forbi Stortrøna ved E39 kvar time.

Mobildekning

Ja

Kart

Ørskogfjellet