Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Duå frå Seterdalen (Skeisdalen)

Om turen

Gradering

Kommune

Gjemnes

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

8,2

Lengde en vei (km)

4,1

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Duå sett frå første myra.
Utsikt mot Reinsfjellet frå toppvarden på Duå.
Kvitskreheiin og Duå sett frå Tovarden.
På veg over Kvitskreheiin mot Duå.

Duå frå Seterdalen (Skeisdalen)

Fotograf: Guri Leirdal Hoem

Kvifor gå denne turen?

Turen tek deg raskt opp lia til Trollvatnet. Herifrå er det ope og fint å gå innover Kvitskreheiin mot Duå, og du har flott utsikt både ut Skeisdalen mot Gjemnessundet og i retning Romsdalen og Trollheimen. 

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ved enden av setervegen, og du ser toppen av Duå og turmålet frå parkeringa. Følg skilt og merking over myrene. Her er det bruer over to små bekkar, og utplassert stein så du kjem deg over Skeisdalselva. Stien tek deg så inn i skogen på andre sida, og oppover lia mellom lys blandingsskog til du står oppe ved Trollvatnet. 

Ved første enden av vatnet er det skilta kor stien tek av opp bakken til venstre. Her kjem du snart ut av skogen og opp på Kvitskreheiin. Her er det litt opp og ned innover, men fint å gå. Stien er stort sett godt synleg, og er merka med vardar, brøytestikker og raude merke. Etter ei stund ser du nokre store vardar på høgre hand, men dit skal du ikkje. Her held du på stien som svingar til venstre. 

Etter du har passert vatnet på 624,5 moh på di høgre hand, startar siste stigning mot toppen. Her er stien tydeleg heilt til han flatar litt ut på ei hylle. Her er det nok fleire vegvalg mot toppen, men eit forslag til rute er merka med raudmåling og brøytestikker opp til høgre. 

Tilbake er det best å følgje same sti. Har ein transport på Osmarka, er det også fint å legge returen dit. Da følgjer du merkepinnane i tre ned frå toppen. 

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå FV666 mellom Batnfjordsøra og Torvikbukt, tek du av mot Skei. Følg vegen inn dalen og ta av inn på setervegen til Skeissetra (bomveg, kr 30,-). Følg denne grusvegen til endes.

Kvar endar turen?

Kassen med bok og kode står oppe ved varden.

Kvar kan du parkere?

Parker i enden av setervegen. Det er ikkje plass til mange bilar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 3,7
Myr 0,4
Lengde tur/retur (km) 8,2
Lengde en vei (km) 4,1

Mobildekning

Ja.