English

Duå frå Osmarka (Heggem)

Gjemnes

Kort om turen

Tur med fin utsikt både utover havet og innover fjella på Nordmøre og i Romsdal.  Varde på toppen av Duå. 

Ruteskildring

Turen startar ved Osmarka skistadion kor du allereie frå parkeringsplassen kan sjå Duå i nordvest. Følg grusstien i lysløypa i knapt ein km til løypa kryssar skogsbilvegen. Ta til venstre og følg skogsvegen i om lag ein km. Etter at du har passert elva (flombru og gangbru) og fortsatt nokre hundre meter, tek du til venstre inn på ein traktorveg (bom). Denne vegen følger du i godt over ein km. Når du har kome opp bakken og eit par hundre meter til, tek du til høgre over ei lita trebru og følger stien opp til Duålisetra. Til trebrua kan du ta med sykkel (off-road). På setra kan du slå deg ned på ein benk og nyte den flotte utsikta. Gå forbi seterhuset og vidare langs gjerdet nordvestover mot Duå. Etter ca. 100 m kjem du til eit stikryss kor du kan fortset rett fram til Stortolla, men til Duå skal du ta stien opp til høgre. Gå gjennom skogen og etter kvart over i meir myrlendt terreng. Du kjem etter nokre hundre meter opp i eit lite skar der du svingar til venstre opp på ein rygg (på høgre side ligg Duålia). Følg merkinga vidare mot Duskaret, der du har utsikt mot Skeidsdalen/Øre og Gjemnesstranda på den eine sida, og mot Osmarka på den andre. Deretter startar du turen opp sjølve Duå. Det er godt merkt med raudmåling både på stolpar, stein og fjell, i tillegg til ein del varder. Oppunder toppen kan du velge om du vil gå til venstre opp ei mindre bratt rute, eller følge ruta som går meir rett opp mot toppen. På slutten av sistnemnde rute er det luftig på den eine sida. Tilbake er det lettast å følgje ei av dei merka rutene. Kjenner du deg trygg på vegen, kan du også ta andre ruter tilbake mot Osmarka, men ingen andre er merkt. 

Tilkomst og parkering

Følg FV665 til Heggem. Følg skilting mot skistadion. Etter knapt 100 meter svingar du inn til høgre ved den nedlagte skulen. Parkering (gratis) mellom den nedlagte skulen og idrettsplassen.
Fottur
Rød
Lengde
6,87 km en vei
Stigning
641 m
Tidsbruk
5 t. 5 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
795 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3
Sti 4

Anna

Du kan ta en avstikkar til "Stortollå" som vart kåra til Norges største furu (tolle) for ein del år sidan. Det er rundt ein kilometer tur/retur. Følg skiltinga like etter at du har gått forbi Duålisetra.

Kart

Norge-serien, Kristiansund
Køyreskildring
Print ut