Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Midsund

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

3,2

Lengde en vei (km)

1,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Feste til luftspenn som vart lagt over Midfjorden i 1936. Dette var på 3,7 km og var då verdas lengste luftspenn. Eit fly krajsa i kabelen 19. august 1940. Tyskarane tok ned kablane etter dette.
Utsikt frå ryggen ein går etter, ifrå ferjekaia og opp til toppen.
Restar etter tysk luftobservasjonspost, rett nedanfor Drynjahatten.
Utsikt frå toppen mot Søre Midøy og Bløkallen.

Drynjahatten

Kvifor gå denne turen?

På denne turen får du god utsikt mot øyane og havet utanfor samt inn mot fastlandet.

Kvar i terrenget går turen?

Frå ferjekaia skal ein følgje same vegen som mot Franskhellaren. I den øverste svingen, skal du ta av i frå traktorvegen og følge sti opp ein liten bakke. Rett etter dette delar stien seg, og du skal ta av til venstre og følgje stien som går oppover. Stien er meir eller mindre tydeleg heile vegen langs ryggen opp til toppvarden på Drynjahatten, som ligg 200 moh. 
Vær oppmerksom på at det er svært bratt på nordsida av fjellet, og nokre stadar går stien like ved stupet.

Kulturminne

Frå toppen kan du sjå ned på restar av luftobservasjonspost som tyskarane hadde på Dryna i åra 1941-42. Hytta (tyskerhytta) brann ned i ein stor lyngbrann som herja på utsida av Dryna i byrjinga på 70-talet, så der står berre steinmurane igjen. Der er også restar etter ein oppmura utkikkspost. Denne vart ikkje fullført eller teken i bruk av tyskarane. Dei steinla også deler av stiane, og denne vert på folkemunne kalla «tyskerstien».

I frå tyskerhytta kan ein gå ned og forbi Franskehellaren og tilbake til ferjekaia.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar kan du parkere?

Parkering ved ferjekaia på Dryna.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,3
God sti 1,3
Lengde tur/retur (km) 3,2
Lengde en vei (km) 1,6

Kart

Turkart 1:50 000 Harøyfjorden