Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Dollsteinhola rute 1

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4,4

Lengde en vei (km)

2,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Dollsteinen sett frå Steinstangen
Opninga av hola
Utsikt ut frå hola
Dollsteinen i det fjerne

Dollsteinhola rute 1

Fotograf: Anders Bringsvor

Kvifor gå denne turen?

Opplev Dollsteinhola! Dei siste åra har det vore arrangert guida turar til hola. Her står storhavet på og kan vere ein mektig opplevelse i ruskever. Turen ned i hola går stort sett greit, men gjennom steinura må ein både klatre og krype. Ein bør ikkje vere plaga av klaustrofobi og livmålet må ikkje vere for stort. Ein treng godt fottøy avdi terrenget er ulendt og til tider vått. På grunn av krypinga må kleda tole å bli både våte og tilgrisa.
For dei som ikkje vil ned i hola, er dette ein fin fjøretur dei fleste klarer å gå. Det er merka løype heilt ut på Steinstangen. Der ute ser ein Stadhavet i sørvest, Svinøya i vest og ein kan skimte fugleøya Runde i nordvest.

Kvar i terrenget går turen?

Den merka stien starter på høgre side av grusvegen, omlag 100m etter skiltet på Skarshaugen.
Stien følgjer stort sett fjøra, men går over nokre kliprer og fjellnaser. Stien er godt merka med merkepinner og skilt. Stadar og attraksjonar ein treff på:
0,36 km eit gjerde, husk å late att grinda.
0,65 km Kalvågane
0,97 km Storegjøtten og Lisjegjøtten
1,07 km Grytevika
1,19 km Flatmagevika og Sandgjøtten
1,40 km Breidvika, ned mot Breidvika er det litt bratt og her kan det vere glatt.
1,87 km turbok Sandsøy IL, her krysser rute 2 som går frå Hellandsvågane, nord for Dollsteinen.
2,20 km Dollsteinhola, siste 150m er det ein bratt, men fullt farbar signing opp til holeopninga

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Dollsteinhola
På den vestlegaste pynten av Sandsøya ligg den karakteristiske Dollsteinen med bratte fjellsider mot sjøen. På sørsida omlag 60m over havet ligg opninga til Dollsteinhola som truleg er den største og merkelegaste fjellhola i Norge. Den er vide kjend frå langt tilbake i historisk tid. Det er såleis fortalt at Orm Torolvson frå Island kom for å hemne drapet på fostbror sin, Asbjørn Prude frå Hordaland som risen Bruse i Dollsteinhola hadde drepe. Ragnvald Kale Orknøy-jarl var her først på 1100 talet. Det er fortalt at han sumde over vatnet i botnen av hola. Den er nemnd i det engelske bokverket Encyclopedia Britannica frå før 1800. Der er det sagt at hola går under havet til Skottland, men at det er ei segn. Det er gjort utgravingar som syner at det har budd folk i hola ein gong i tida.
Dei som har vitja hola i våre dagar vil nok finne desse gamle skildringane litt underlege. Det vert også diskutert om hola kan ha endra seg. I dag ser den ut som ei kløft der botnen skråar omlag 45 grader til den flatar ut 30m lavare. Innafor opninga utvidar hola seg, mest vertikalt, men også eindel i breidda. Lenger inne ligg ei steinur som deler hola i to. Det er muleg å ta seg gjennom denne steinura og ein kjem så inn i den inste delen av hola. Den er i likheit med første delen omlag ti meter brei og svært høg og kan nok minne om ei kirke. Total lengde er omlag 185m. Det vert fortalt at det har vore både sunge, tala og messa her. For få år sidan hadde eit lokalt kor ein konsert i denne "kyrkja". Det var ein mektig opplevelse for dei som var til stades. Overalt på veggane har folk rissa inn namn og datoar frå langt tilbake i tida.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen starter på Skare. Frå Voksa ferjekai følger du fylkesvegen til Sandsøya. I det første krysset du møter er det skilta "Dollsteinhola" til venstre. Du køyrer så vidare forbi Sande Kyrkje og heilt opp på Skarshaugen. Før du kjem til parkeringsplassen er det skilta "Dollsteinhola" til høgre, ned ein grusveg. Stien til Dollsteinhola starter om lag 100 meter nedanfor skiltet.

Kvar endar turen?

Dollsteinhola

Kvar kan du parkere?

Skarshaugen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2,2
Dårlig sti 0,15
Røtter / steiner 1,8
Sleipt underlag 0,2
Lengde tur/retur (km) 4,4
Lengde en vei (km) 2,2
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 30
Bratteste helning ned 20 25
Total stigning 116 Høydemeter