English

Den Trondjemske postvei- Herdalsbrekka-Ljøbrekka

Stranda

Kort om turen

OBS: Ljøbrekkas vener held på med utbetring av postvegen, og det vil bli utført arbeid på vegen i løpet av sommaren. Dette blir det lagt ut informasjon om når tidsplanen og arbeidsplan er klar. 

Ruteskildring

Frå parkeringa i Herdalen går du langs ein grusa turveg forbi eit stort skilt merka «Den Trondhjemske postvei». Etter rundt 150 til 200 meter svinger råsa til venstre, og då er du inne på den opphavelege postvegen. Om du snur deg og ser mot nord, vil du sjå omrisset av den gamle postvegen innover Strandadalen. Følg vegen inn til og forbi Herdalsvatnet/Brekkevatnet. Du vil sjå at det langs råsa går av små snarvegar og andre råser, men vi held oss på den orginale råsa til postvegen. Langs råsa vil du etterkvart sjå restar etter anleggsbrakkar og ein påbyrja riksveg planlagd over til Sykkylven frå 1930-talet. No byrjar det etterkvart å bratne litt til, men postvegen slynger seg no elegant oppover fjellsida i serpentinarar heile vegen opp til Kremmarvatnet. Her må du ta ein avstikkar på råsa som går ut til venstre ved Kremmervatnet, det er obligatorisk. På kjøpet får du då nyte ei framifrå utsikt inn Geirangerfjorden som også er verdsarvområde. Gå deretter tilbake til Kremmarvatnet, og fortsett på postvegen langs eit nytt vatn 739 meter over havet og rundt Sætrenibba til du kjem til Ljøsætra. Her følger du råsa heile vegen ned til fylkesvegen. Mellom Ljøsætra og riksvegen står tørrsteinsmurar frå det påbyrja vegprosjektet.

Tilkomst og parkering

Det finnes gode parkeringsmuligheter både på Herdalssida og på Ljøensida. Skal du gå denne turen som overgangstur i den retningen som er beskrevet her, kan det være lurt å sette en bil på parkeringen på Ljøensida. Da har du transport tilbake når du har kommet over fjellet.
Fottur
Blå
Lengde
7,79 km rundtur
Stigning
520 m
Tidsbruk
3 t. 15 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
791 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6
Køyreskildring
Print ut