Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Norddal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

ca 6km

Lengde en vei (km)

3km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Innsetsetra - eit levande kulturlandskap
Utsyn over bygda Norddal og Norddalsfjorden
Utsyn mot Torvløysa, Dyrdalen og Storvasshornet.
Haust på Daurmålsfjellet.
Rellingsetra - ei levande seter.
Rellingsetra - startstad for mange fine turar.

Daurmålsfjellet

Fotograf: Kari Løvoll Dalhus

Kvifor gå denne turen?

Turen til Daurmåsfjellet frå Rellingsetra vil by på eit variert terreng, der du innom to gamle setrar, med fleire intakte/godt vedlikehaldne sel. På heile turen vil du ha ei flott utsikt framover Dyrdalen, og til dei majestetiske fjella rundt, som er av dei høgaste i Norddal kommune. Oppe på Daurmålsfjellet får du eit flott utstyn over bygda Norddal, og vidare utover Norddalsfjorden og til fjella rundt. Flott tur til alle årstider. Går du vidare frå Daurmålsfjellet, kjem du til det høgaste fjellet Norddal kommune, Torvløysa, på 1851m.o.h.

Kvar i terrenget går turen?

Du startar turen ved parkeringsplassen framme ved Rellingsetra, 570moh. Fram hit er det privat bomveg, der du betaler for deg ved parkeringsplass ved Hatlestad, 3 km lenger nordvest. Du går først rett over stølen på Rellingsetra, og passerer her nokre sel, før du startar på råsa rett framover i Dyrdalen, Råsa går i lett kupert terreng, og er noko steinete. Den kan vere noko våt, sidan den passerer fleire mindre bekkar som renn ut av myra ovanfor. Lenger framme blir råsa tørrare, og om lag etter 1km, kryssar du til venstre over ei bru (Dyrdalselva) Du går så ca. 250meter i litt motbakke før du kjem opp til Innsetsetra, 600moh. På denne stølen passerer du eit sel, og ei løe, før du finn skiltet mot Daurmålsfjellet ved det øvste selet på stølen. Her svingar du til høgre og føl merka rås oppover i eit stadig brattare terreng. Råsa går her i skog, og kan til tider vere noko sleip og glatt. Terrenget opnar seg opp når råsa svingar meir mot nord att. Då går du i fin bjørkeskog heilt til du når om lag tregrensa, og du kjem opp på ei stor myr. Her er det skilta til venstre mot utsiktspunktet på Daurmålsfjellet 805moh, og du må passere nokre myrar før du kan sjå utover bygda Norddal.På utsiktspunktet, ein bergknaus, finn du turposten. Du returnerer same veg tilbake.

Kulturminne

To gamle setrar; Rellingsetra og Innsetsetra der det er fleire godt vedlikehaldne sel.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar frå parkeringsplassen ved Rellingsetra. Hit kan du køyre med personbil, viss du har betalt bomavgita ved parkeringsplass på Hatlestad. Du kan også velje å gå frå Hatlestad, om lag 3km på fin grusveg. Frå Eidsdal sentrum/ferjekai følgjer du først fylkesveg nordaustover mot Norddal, 5km. Du svingar oppover i bygda ved butikken og køyrer i om lag 2km før du svingar over ei bru ved Engeseth. Du held fram på asfaltert veg heile vegen opp til parkeringsplassen ved Hatlestad, ca 4km. På vegen passerer du fleire gardar. På parkeringsplassen finn du ei informasjonstavle med turkart over området.

Kvar kan du parkere?

Nokre få Parkeringsplassar ved Rellingsetra. Bomveg.
Stor parkerkeringsplass ved Hatlestad, ved bom/der bomveg startar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2,5
Myr 0,5
Sleipt underlag 0,5
Lengde tur/retur (km) ca 6km
Lengde en vei (km) 3km
Stigning meter grader
Total stigning 240m Høydemeter

Spesielle forhold

Turen er godt skildra i turboka Opptur Geirangerfjorden. Startstaden Rellingsetra er utgangspunkt for fleire fine turar m.a. mot Middagshesten og Skorene i vest. Dyrdalen og Storvatnet i sør og Torvløysa i sør/sør-aust. I september blir motbakkeløpet 1851 opp//ned Norddal arrangert, som også har Daurmålsfjellet som eit mål. sjå link; http://norddalil.no/

Kart

Turkart Tafjord, 1:50.000, Turkart Norddal kommune, 1:50.000