English

Bygda rundt - på Åheim, rute 64

Vanylven

Kort om turen

Bygda rundt er ein av i alt 22 turar kjent som Vanylvsturen. Vanylvsturen kom i stand som eit samarbeid mellom kulturavdelinga, prosjekta bulyst og folkehelse. Første gong i 2009 som var kulturminneår. Ein har lagt til rette for turar i dei fleste bygdene, såkalla lavterskelturar. Det vil seie at dei fleste kan gjennomføre dei Tanken er at ein på turane skal oppleve kultur i den forstand at ein vert påmint om menneskeleg aktivitet som har vore før, kjennskap til myter og forteljingar, minner, noko som gir meining og styrkar identitet. Samtidig får ein vere aktiv i naturen, noko som gir god helse. Turane er merka med eit eige skilt/pil. Turen er ein fin spasertur frå sentrum. På bygdeveg langs sørsida av Åheimselva, sti lengst framme, til brua over elva ved Gusdalsvatnet. Fylkesvegen tilbake. Ca. 1 time. Frå krysset i sentrum kan ein gå 800 m langs elva i retning mot Vanylvsfjorden der ein finn St Jetmund kyrkje frå 1155.200 m frå parkeringsplassen ved Misjonshuset finn ein Valborgsamlinga og Norsk Olivinsenter som begge er plassert i gamle Thue skule.

Ruteskildring

Parker ved misjonshuset i krysset ved avkøyringa til Selje/Stadlandet. Gå sørover langs vegen ( Fv 61) til du kjem til første innkøyring på venstre side (Laksegata). Her finn du første pil på stolpen. Gå vidare til Birkedalen og Holmen. Birkedalen er eit gamalt tun frå 1800-talet som var buplass fram til 1960. Det kvite steinhuset er sett opp i 1920. 4H klubben Elvablikk nyttar tunet og husa i Birkedalen som matstasjon under sin årlege ”Bygda rundt” trimtur. Følg vegen forbi Birkedal og sjå etter pila opp den vesle grasbakken og følg stien. Til høgre for Veiradalselva ser ein eit gamalt kvernhus frå midten av 1800-talet der alt inventar er intakt. Kvernhuset var sist i bruk under krigen. Brua over elva er bygd av Elvablikk 4H. Der finn de også ei bok som klubben vil ein skal skrive seg inn i. Åheimselva har alltid vore ei god lakseelv og frå brua ser ein ”Rundesteinen” der det er ein ekstra god fiskeplass. Langs Åheimselva er stien godt tilrettelagt med koseleg bru og sitteplassar. I enden av stien kjem du ut på veg og over ei bru til hovudvegen som fører tilbake til Åheim sentrum. Her ser ein rett ut i havgapet mot Stad og Revjehornet. Flott utsikt, særleg når veret er fint og ein får sjå solnedgongen. På veg mot sentrum passerer ein Åheim stadion. Ned Holen like før krysset i sentrum har ein Olivinhallen opp til høgre. I krysset tek ein til venstre over brua og kjem tilbake til utgangspunktet ved Misjonshuset.Dette er en god gåtur. Brukar ein sykkel må den trillast eit lite stykke langs elva.

Tilkomst og parkering

Misjonshuset ved krysset mot Selje/Stadlandet. Turen kan sjølvsagt gås motsatt veg enn det som er beskrevet her. Sidan dette er ein rundtur kan ein starte kvar som helst. Gode alternative startsted er frå krysset i sentrum eller frå stadion på Løvold. Parkering ved Misjonshuset nær krysset mot Selje/Stadlandet. Alternativ parkering ved COOP/Spar eller ved stadion på Løvold. Ingen parkeringsavgift.
Fottur
Grønn
Lengde
4,94 km rundtur
Stigning
131 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
81 moh
Merking
Skiltet
Underlag Lengde i km
Asfalt 4,5
Sti 0,5

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut