English

Brudevika - Lisje-Krokhornet - rute 5

Vanylven

Kort om turen

Dette er ein flott tur på ei velhalden rås (sti) som er eit flott kulturminne frå den tida då mjølkarane gjekk 1 eller 2 gonger for dag opp på fjellet for å mjølke kyrne. Ein skal ikkje gå mange minutt før ein får flott utsikt. 

Ruteskildring

Etter ein slak start går råsa bratt opp Skåra til Brudevikvatnet. Dei som ikkje vil stoppe der kan gå vidare til Lisje Krokhornet der det er flott utsikt mot Stadlandet, havet og øyane i Sande kommune. Det er såpass bratt opp Skåra at dette truleg ikkje er ein tur for dei med høgdeskrekk. Sjølv om det er bratt er det greitt å gå på grunn av både menneskeskapte og naturlege trappetrinn. Dei som likar å gå bratt opp, men vil ha det slakare ned kan gå via Krokedalen ned att. Då endar ein opp ved fylkesvegen i Krokvika 4 km frå Brudevika. Parker nede ved fylkesvegen ved det nordlegaste vegkrysset i Brudevika. Gå 50 meter til næraste vegkryss, og gå deretter asfaltert sideveg heilt til du kjem til ein raudmalt låve som er det første huset på oppsida av vegen. Råsa (stien) startar på oppsida av låven. Dei første 750 metrane går i relativt slakt terreng og det er mange stader tydeleg spor etter ferdsel gjennom lang tid. Deretter går det bratt opp Skåra. Dei siste 200 høgdemetrane har ei stiging på 42 grader, men fordi råsa går i små hårnålssvingar oppover blir den effektive stigninga på rundt 35 grader i snitt. Det er godt synleg rås (sti) heile vegen opp til Brudevikvatnet. Frå Brudevikvatnet til Lisje Krokhornet er det mindre synleg rås. Her kan det vere lurt å sjå etter små steinar som ligg opp på større stein. Dei markerer kvar råsa går.

Tilkomst og parkering

Går greitt å parkere ved ei utkøyrsle rett sør for det nordlegaste vegkrysset i Brudevika.
Fottur
Rød
Lengde
3,25 km en vei
Stigning
478 m
Tidsbruk
4 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
405 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6,5

Kart

Turkart for Vanylven - kan kjøpast på butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut