English

Brendeåsen

Herøy

Kort om turen

Brendeåsen er ein liten skogstopp, sjølv om den ikkje er så høg har du god utsikt til omkringliggande områder. Gurskøy IL har trimpost på toppen.

Ruteskildring

Start på parkeringsplassen i Kleppefurene og gå skogsvegen mot vest ca 350 m, råsa er då på høgre side av vegen og går så nordaustover opp gjennom skogen opp til toppen.

Tilkomst og parkering

Ta av frå fv 61 i vegkryss austapå Leikong kyrkje, skilta mot Voldnes, køyr Jøsokvegen ca 1,3 km og ta til høgre og køyr ca 600m og ta til høgre i vegkryss etter skule/grendahus og køyr skogsvegen ca 600m til parkeringsplassen i Kleppefurene. Parker her. God parkeringsplass i Kleppefurene.
Fottur
Grønn
Lengde
0,53 km en vei
Stigning
67 m
Tidsbruk
30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
133 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,35
Sti 0,2

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 II, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut