English

Brekkevatnet (Brekkå) i Valldal

Fjord

Kort om turen

Fin tur på god sti frå Valldalssetra opp til Brekkevatnet, ein fredeleg stad mellom høge fjell. Det er mogleg å gå vidare til Bøstølen eller på topptur. 

Ruteskildring

Følg grusvegen vidare oppover frå p-plassen så langt den går (ca 400 m). Vegen går i nedkanten av Valldalsætra, Etterkvart går vegen over i sti langs elva, over brua og opp til Myklebustsætra. Kryss sætervollen. Øvst på Myklebustsætra er det skilta til Brekkå/Brekkevatnet. Brekkå er det lokale namnet på området ved Brekkevatnet.

Turen går vidare på god sti først slakt innover i skogen i Taskedalen, kryssar ei mindre elv på ei bru og deretter går det oppover til venstre for Myklebustelva. Bratt stigning på slutten, før terrenget flatar ut like over skoggrensa.Herifrå er det lettgått innover til venstre/nord for det første vatnet og inn til Brekkevatnet. Turkassa er på første hytta. 

 

Tilkomst og parkering

Følg fv. 63 frå Valldal sentrum, ta til venstre rett før brua på Myklebust, like ved eit oransjefarga hus, og følg vegen til Valldalssetra. Vegen kan vere utfordrande å finne, men den går først rett fram ca 100 meter, før den svingar svakt mot venstre. Ta andre veg til høgre, i eit kryss ved eit kvitt hus.

Følg vegen vidare beint oppover mellom jordbæråkrar til du kjem til Myklebust vassverk. Her kan du parkere og gå vidare på grusvegen (2,5 km), eller betale bompengar for å køyre vidare. Parkering på merka p-plass, ei utkøyring/grushole like før du kjem til Valldalssetra. NB! Det er dyr på sætra om sommaren, dei kan vere nærgåande på parkerte køyretøy.

Fottur
Blå
Lengde
3 km en vei
Stigning
431 m
Tidsbruk
3 t. 5 min
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
779 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Anna

Det er mogleg å gå vidare til Strupen og ned til Bøstølen i Innfjorden, 

Brekkå er også utgangspunkt for fleire toppturar, som til dømes Taskedalstinden og Høgstolen, for dei som er ekstra godt fjellvante.

Kart

Turkart Norddal 1: 50 000

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant. Vipps.
Køyreskildring
Print ut