English

Breinakken

Ålesund

Kort om turen

Breinakken ligg sentralt på Sjøholt, godt synleg frå sentrum og i gongavstand for dei fleste som bur her. Høgdedraget har ei bratt avslutning mot nord, dvs mot sentrum og dels mot vest, medan det flatar roleg ut sør og austover. Etterkvart opnar skogen seg og ein får ei flott utsikt både mot skulen, husa i Skog og Lund og vidare mot sentrum.

Ruteskildring

Vi tilrår at ein startar frå vest. Ved Sjøholt Camping går ein inn på postvegen og etter ca 50 m tar ein graskledd tømmerveg av til venstre. Gå inn på denne, som kan vere ganske våt i fuktig ver. Etter hundre meter ser ein til venstre ein liten leir med ein gapahuk og nokre nett som Sjøholt skule har laga til. Sving inn på denne stien. Det er skilta og merka tydeleg sti vidare. Det går snart bratt oppover. Pass opp så du ikkje glir. Ein får fort fin utsikt utover Ørskogvika og dels over sentrum. Terrenget flatar etter kvart ut. Området er prega av lyng og furuskog og er lett å bevege seg i. Gjennom skogen er det merka med raude merke på trea gjennom tett granskog. Opp mot sjølve Breinakken er skogen opnare og det er eit flatare parti. Pass opp, det er bratt utfor kanten her, men god plass til rasting og leik.

Tilkomst og parkering

Frå sentrum følgjer du skilting til Sjøholt Camping, forbi Ørskog kyrkje og Ørskog prestegard. Før Sjøholt skule svingar du først til høgre og så til venstre i retning Ørskoghallen og Ørskog stadion. Du kan parkere ved fotballbana.

Fottur
Blå
Lengde
0,92 km en vei
Stigning
128 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
142 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
Sti 0,7

Offentleg transport

Busstoppet på Sjøholt er i gåavstand. Tek omtrent 15 minutt å gå frå busstoppet til startpunktet. Sjekk frammr.no for busstider. Det går buss minst ein gong i timen i retning Ålesund og Molde.

Anna

Ein kan halde fram i same retninga, etter kvart kjem ein ut av granfeltet og terrenget fell roleg mot aust. Dersom ein held fram til ein er på høgde med husa på Tuenegarden, kan ein gå ned til desse langs ein gamal ferdelsveg som enno er synleg, Hanskleiva. Går ein i staden til høgre, vil ein etter kvart kome fram til det nye industrifeltet i Haukåsmarka.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut