English

Brattebakkjen, Syltedalen

Vanylven

Kort om turen

Brattebakkjen er den gamle seterråsa til Kilebrekka og heimfjella frå garden Støylen i Syltedalen, og såleis eit gamalt kulturminne. Som namnet seier, får ein ei bratt stigning rett til fjells frå Kilebrekkvegen og opp dit råsa flatar ut. Stien er godt rydda etter mange år under eine og lyng, og ei nydeleg utsikt over Syltedalen og Syltefjorden ventar dei som vil ta turen. Råsa vart i si tid gått fleire gongar om dagen sommarstid, med hylkjet på ryggen og spøtet i hendene. Ein kan sjå korleis råsa frå gamalt av er så opptrakka og velbrukt, at den faktisk går gjennom gjøl i marka somme stadar.

Ruteskildring

Ein må fyrst gå Kilebrekkvegen eit stykke, men kort etter andre svingen om ein går frå Syltedalen, tek ein av der det er skilta på venstre side av vegen. Den nedre delen av råsa eksisterar enno frå Støylen, men mellomdelen vart øydelagt då Kilebrekkvegen kom i stand. Parkering ved Støylsvatnet. Når ein har kome opp på Støylshylla, kan ein gjerne halde fram på merka sti utover mot Furenakken, eller ein kan steingå Støylselva og gå nedatt Kilebrekkvegen eller ta turen heilt på Kilebrekka. Om ein vel å gå frå Kilebrekka eller Elvasvingen, går ein rett fram på Støylshylla der ein treff rydda rås. Turen er bratt, men stien er god. Nokre plassar må ein nok ta grep framom seg på det brattaste. Ein veldig flott trimtur eller kveldstur for dei aller fleste.

Tilkomst og parkering

Start ved Støylsvatnet i Syltedalen eller på Kilebrekka ved Elvasvingen der det er merka rås til Furenakken. Fin rundløype om ein går oppatt/nedatt Kilebrekkvegen.
Fottur
Grønn
Lengde
1,06 km en vei
Stigning
258 m
Tidsbruk
1 t
Høyeste punkt
347 moh
Mobildekning
Ukjent

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1
Sti 1,2

Kart

Turkart Vanylven
Køyreskildring
Print ut