English

Borgundkollen frå Heiane - 782 m.o.h

Sykkylven

Kort om turen

Dette er ein fin tur; frå Heiane til Borgundkollen . Turen er variert og gir flott utsyn både mot Sunnmørsalpane og Sunnmørsøyane. 

Ruteskildring

I samband med utbygging av ny kraftline, har det komt veg til Heiane. Parker der vegen er på det høgste punktet . Gå over vegen og kryss ei myr på klopper og sikt deg inn på ei mast rett over myra. Her finn du stien som du skal følge oppover ryggen. Stien har litt stigning før han flatar ut oppå ryggen. Når du er ferdig med ryggen, startar den brattaste delen av turen. Der stien deler seg (N62° 22.230' E6° 38.589'), skal du halde til høgre. Når du nærmar deg toppen, flatar det litt ut igjen. Ta deg tid til å nyte utsikta frå toppen.

Tilkomst og parkering

Like vest for Sykkylven kyrkje, tek du av mot Ramstaddalen. Køyr Dalevegen/FV73 til du kjem til Haugsetvegen. Herifrå følger du skilting Statnett; først Haugsetvegen, så Aurdalsvegen og så Sunndalsvegen mot den nye kraftstasjonen (asfaltveg). Følg vegen til høgste punktet og set frå deg bilen på parkeringsplassen her. Viktig: Om her ikkje er ledig plass, er det ein stor parkeringsplass like før kraftsstasjonen lenger framme og nedover på høgre side.

Fottur
Blå
Lengde
2,08 km en vei
Stigning
401 m
Tidsbruk
2 t. 5 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
772 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 9,8

Kart

Turglede Sykkylven
Køyreskildring
Print ut