Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Børevatnet rundt -Rundtur 1

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Total lengde rundtur (km)

10km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Børevatnet rundt -Rundtur 1

Fotograf: Rune Halsen

Kvifor gå denne turen?

Det er flott utsikt frå toppen. Frå Storhavet i vest til Sunnmørsalpane i aust.
Fin utfordring i varierande terreng.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar frå parkeringsplassen ved demninga på nordsida av Børevatnet. Dette er ein rundtur, og du kan gå begge vegar.
Start mot vest. Du kryssar demninga og fyl den gamle anleggsvegen i ca. 1.4 km. Ta av til venstre frå vegen, og fyl blåmerka løype. Det står skilt med "Rundtur 1" som viser kvar stien startar. Du går på sti/natur og kjem til Støylsvatnet. Her startar oppstiginga, og det kan vere lurt å fylle vassflaska her.
God sti i starten. Så kjem du til det brattaste partiet på turen. Lyng, gras og steinur. Her må du kanskje bruke hendene til støtte nokre stader. Bratt stigning 2-300 m før det flatar ut mot toppen.
Frå toppen fyl du god sti ned Kvannskaret til Kvanndalsvatnet. Stien passerer Trollryggen før du kjem til den øvre parkeringsplassen ved Børevatnet. Du fyl berre vegen ned til startpunktet.
Start mot aust: Pass på nedstiginga frå toppen til Støylsvatnet. Graspartia kan vere glatte.

Kulturminne

Du ser spor etter kraftutbygginga. Kraftverket i Sørbrandal stod ferdig i 1951. Børevatnet og ikringliggande vatn er berørte av utbygginga.
Vegen du går på vart bygd for å bygge tunellen frå Trollelidvatnet til Synstekoppvatnet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Bomveg frå Sørbrandal. Pris 40kr
Turen startar frå parkeringsplassen ved demninga på nordsida av Børevatnet.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved enden av Børevatnet eller ovanfor Børevatnet. (Øvre parkering)

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 1.5
God sti 5
Dårlig sti 1.5
Natur 2
Total lengde rundtur (km) 10km
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 200 35
Bratteste helning ned 200 35
Total stigning 543 Høydemeter

Mobildekning

Nokre stader høgt oppe.

Kart

Turkart for Vanylven