English

Blæjevatnet rute 53

Vanylven

Kort om turen

Frå Røfsdalsætra er det ein relativt kort tur til Blæjevatnet, turen er godt egna som ein ettermiddags- kvelds tur. Blæjevatnet er omkransa av dei høgaste fjella i Vanylven. Ved Blæjevatnet ligg Blæjevassbu, ei hytte som er open for alle. Den vart bygd i 1970, er påbygd seinare og er no eigd av Myklebust sameige. http://www.syvdeil.no/index.php?option=com_content&view=article&id=105&Itemid=120 Mange som besøker Blæjevatnet ynskjer å prøve fiskelukka. Du kan overnatte i hytta og låne båt etter avtale med Myklebust sameige. Det er fin størrelse på fisken. Blæjevassbu er utgangspunkt for fleire fine turar av ulik vanskegrad.

Ruteskildring

Startpunkt er frå parkeringsplassen på Røfsdalsætra, følg vegvisar til Blæjevatnet. Råsa startar ovanfor hyttene og er lett å sjå, merka med blåmalte steinar og stikker. Kryssing av ei lita elv som kan vere stor etter kraftig regn. Råsa får god stigning etterkvart og du kjem raskt opp i høgde. Ved Tåbrothytta er det passeleg å puste ut, den brattaste kneika er over. Herifrå går råsa over nokre knausar og terrenget flatar etterkvart ut innover lyngheiane mot Blæjevassbu.

Tilkomst og parkering

Frå Syvde sentrum køyrer du imot Sørdal. Ved Smedbøen svingar fylkesvegen mot høgre men du fortsett på grusvegen rett fram, mellom nokre bolighus. Når du har køyrt forbi husa er det reist ein stor stein på høgre side med ei kasse for vegavgift. Bompengar til Myklebust sameige. Røfsdalen er eit fint utgangspunkt for korte og lengre fjellturar, og det er tilrettelagt for parkering på Røfsdalsætra. Parkeringsplass på Røfsdalsætra
Fottur
Blå
Lengde
2,4 km en vei
Stigning
433 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
702 moh
Merking
Både skiltet og merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,8

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps 30 kr
Køyreskildring
Print ut