English

Blåfelden rett opp - rute 54

Vanylven

Kort om turen

Dette er same rute som motbakkeløpet Blåfelden Rett Opp som blir arrangert kvart år første laurdagen i juni, med yrande folkeliv under Kosterikedagane i Syvde. Men viss ein ikkje er avhengig av mykje folk rundt seg er turen like fin elles i året. Bratt tur på god og tydeleg rås (sti). Nokre luftige parti, og fantastisk utsikt på toppen.

Ruteskildring

Motbakkeløpet Blåfelden rett opp blir arrangert kvart år første laurdagen i juni, med yrande folkeliv under Kosterikedagane i Syvde. Men viss ein ikkje er avhengig av mykje folk rundt seg er turen like fin elles i året. Konkurranseløypa startar ved vidaregåande skule i Syvde sentrum og går først på asfalt vel 1 km før den går over i terrenget. Når ein tek løypa som vanleg tur er det vanleg å starte der den går over i terrenget.

Første del er ein markert morenerygg med open bjørkeskog. Deretter er det 2 km med jamn og bratt stigning. Etter dette seige partiet er det 1,5 km med lettare terreng over egga og høgste punkt på 842 m før området flatar ut i eit platå på 810 moh på kanten av Blåfelden med panoramautsikt over Syvde. 

Ca 100 meter frå brua på riksvegen i lengst vest i Syvde, i retning mot Eidså, køyrer eller går ein opp ein bratt asfaltert bakke. Etter å ha kome opp bakken køyrer ein i omlag 50 meter parallelt med fjorden før ein kjem til starten av ruta. Starten er godt skilta, og ruta er godt merka frå start til slutt. Frå fjorden følgjer ein moreneryggen gjennom open bjørkeskog og etterkvart i ope landskap. Denne bakken er lang og seig. Seinare blir det lettare og luftigare over ryggen mot Svartetua. Frå Blåfelden er det flott utsikt over Syvde og området rundt. Syvde IL har turkasse på toppen av Blåfelden. Kassen er plassert nær kanten av fjellet på venstre side av den djupe kløfta.

Tilkomst og parkering

Meir info om Blåfelden rett opp finn ein på http://syvdeil.no/ Du finn og bilete og tekst om turen på side 118 og 119 i turboka Fotturar på Sunnmøre. Den kan kjøpast i bokhandel eller direkte frå forlaget på http://www.iriss.no Vanlegvis går det greitt å parkere i området der løypa startar i terrenget
Fottur
Rød
Stigning
846 m
Tidsbruk
3 t. 40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
836 moh
Merking
Både skiltet og merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 7

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut