English

Blåfelden - Fuglehovudet - Øverberg - rute 54

Vanylven

Kort om turen

Viss du ønskjer å gå i ei godt merka rute med store variasjonar i terreng, naturtype og med stadig skiftande utsikt over stor delar av Vanylven er dette eit godt val. Ruta går mellom Syvde og Øverberg. Ein kan gå heile ruta frå nord til sør eller omvendt, eller ein kan gå delar av ruta og returnere til startpunktet. 

Ruteskildring

Viss du vil teste kreftene dine i motbakkeruta Blåfelden Rett Opp https://morotur.no/tur/Blaafelden-rett-opp-rute-54 kan du starte i Syvde. Første del av ruta går på ein markert morenerygg med open bjørkeskog som går over i eit meir ope område. Etter 2 km med jamn og bratt stigning er det 1,5 km lettare terreng over egga og høgste punkt på 842 moh på Svartetua med utsikt mot Eidså og ut fjorden, før området flatar ut i eit platå på 800 meter over havet på kanten av Blåfelden med panoramautsikt over Syvde. Derifrå kan ein returnere same veg, eller gå via Fuglehovudet til Øverberg i lett terreng. Viss du vil ha ein lettare og slakare tur kan du starte på Øverberg og gå mot nord. Her er det stor variasjon i ope landskap over tregrensa. Små og store vatn, eit område med raud olivinsand, ei flott flyttblokk som er kjekk å klatre på, og stendig skiftande utsikt. Dess høgre du kjem dess flottare blir utsikta. Frå Fuglehovudet er det fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Frå Fuglehovudet kan du gå vidare til Blåfelden og Syvde, eller returnere tilbake til Øverberg. Nedstiginga frå Fuglehovudet mot Blåfelden kan sjå litt bratt og vanskeleg ut på avstand, men er lett og ufarleg viss du fylgjer den merka løypa. I tillegg er det omtale av turen og bilete frå turen i boka Fotturar på Sunnmøre side 118 – 121. Sjå www.iriss.no

Tilkomst og parkering

Start frå Syvde – Ta av frå Sentrum i Syvde i retning Eidså. Når det er slutt på gangveg og sykkelveg på sida av riksvegen tek du av til vestre opp ein bratt bakke og køyrer knapt 100 meter vidare på toppen av bakken før du ser skilt mot m.a. Blåfelden. Start Syvde: Desimalgrader: 5.72143 Ø 62.08719 N UTM 32: 32 V 328821 6888223 Start frå Øverberg – Du kan køyre til Øverberg enten frå Syvde eller frå Sylte. Frå Syvde tek du av ved kryss med skilt mot Sørdal og køyrer på asfalt forbi Sørdalsva
Fottur
Rød
Lengde
9,91 km rundtur
Stigning
1062 m
Tidsbruk
5 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
842 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 10

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut