English

Bjørnøya kystfort

Haram

Kort om turen

Denne turen er lett å gå for alle, og ein kjem fram til eit rikt kulturminneområde. Under andre verdskrig var området brukt som kystfort, og ein finn difor bunkarar og skyttargangar i området. Fjøreområdet rundt kystfortet er også svært flott, og ein har utsikt til øyane. 

Ruteskildring

Turen går langs traktorveg fram til området med bunkarane. Når ein er komen ut til kystbatteriet er det mange stiar å følge for vidare utforsking av området. Pass godt på barna, det er ikkje alle bunkrane og skyttargangane som er sikra! Det er også bandtvang grunna beitedyr. Det går fint an å trille denne turen, men dei siste 100 metrane går langs sti som kan vere vanskeleg med vogn.

Tilkomst og parkering

Denne turen er spesielt fin for barna, og det er kjekt å sette seg ned med nistemat. Det er sett fram benkebord enkelte stadar. Turmålet er ei kanonstilling, som gir ei svært flott utsikt ut til øyane. Ein parkerer ved ei garasje, og går frå denne bort til traktorvegen. Om ein skal kome til området via offentleg transport må ein gå frå hovudvegen (Fv 146) og over Bjørnøybrua.

Fottur
Grønn
Lengde
1 km en vei
Stigning
15 m
Tidsbruk
30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
22 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 0,1

Offentleg transport

Køyreskildring
Print ut